Øyfred Henning Standnes vart i Fjordane tingrett dømd til fengsel i 13 år for drapet på Anne Slåtten. Men dommen skapte reaksjonar, og både Riksadvokaten og dåverande justispolitisk talsmann for Arbeidarpartiet, Knut Storberget, sa at straffenivået for drap i Norge var for lågt. I ankesaka i Gulating lagmannsrett vart dommen sett til 15 år, og dette har altså Høgsterett sagt seg samd i. Dei har også markert kor straffenivået for slike saker skal ligge, meiner statsadvokat og aktor i drapssaka Jogeir Nogva.
Avslørt av DNA
Anne Slåtten vart drepen og forsøkt valdteken då ho var på veg til jobb tidleg om morgonen 6. juni i fjor. Standnes vart pågripen nokre månader seinare etter omfattande DNA-testing. Han har heile tida nekta straffeskuld, men har vedgått at han var i nærleiken av åstaden på det aktuelle tidspunktet.
Hugsar ikkje noko frå drapsnatta
Standnes sa både i tingretten og lagmannsretten at han ikkje hugsar noko frå drapsnatta. Høgsterett meiner dette ikkje har noko å seie for straffeutmålinga fordi hukommelsestapet skuldast fyll. Dommarane i høgsterett er også samd i karakteristikken som lagmannsretten kom fram til, nemleg at dette er eit seksualdrap. Difor fann dei ikkje grunn til å vurdere saka nærmare, og anken vart altså forkasta.
Øyfred Henning Standnes har allereie sete over eitt år i varetekt og har dermed 14 år igjen å sone for dommen som no er endeleg. Det har ikkje lukkast oss å kome i kontakt med forsvararane til Standnes, Ivar Blikra og Berit Reiss-Andersen.