Hopp til innhold

144 mill kr til Bjørset-Skei

Regjeringa har sett av 144 millionar kroner til bygging av ny veg på E39 mellom Bjørset og Skei i Jølster i budsjettframlegget for 2017.

E39

STARTAR ARBEIDET SNART: Etter planen skal arbeidet med å oppgradere vegen mellom Bjørset og Skei ta til i 2017.

Foto: Statens vegvesen

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier at han er nøgd med den summen.

– Det er balansert ut frå det som det er realistisk å bruke på eit slikt prosjekt. Vi reknar med anleggsstart i mars. Arbeidet skal vare til 2019, og totalt er det kostnadsrekna til 846 millionar kroner.

Oddmund Klakegg

PÅ TIDE: Ordførar Oddmund Klakegg i Jølster.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster seier at han ser fram til at anleggsmaskinane går laus på den nye vegen mellom Bjørset og Skei.

– Det er snart brukt 50 millionar kroner på dette veganlegget utan at det er bygt ein meter veg, så eg ser det slik at det er overmodent, og det bør kome i gang snarast no. Dersom dei 144 millionane kjem i tillegg til dei 100 som vart løyvde til i år så er eg nøgd.

Til saman 244 millionar

I statsbudsjettet for 2016 vart det løyvd 100 millionar til Bjørset-Skei, og det var då planen at arbeidet skulle kome i gang i år. Men slik gjekk det ikkje.

Svenn Egil Finden stadfestar at dei 144 millionane for 2017 kjem i tillegg til dei 100 millionane som alt er løyvde.

– Då er det bra med pengar å byggje veg for.

Det andre store nye anlegget i Sogn og Fjordane i 2017 blir rassikring av riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes. Det får 60 millionar kroner, og Finden reknar med anleggsstart hausten 2017.

– Dette arbeidet er kostnadsrekna til 668 millionar totalt, og arbeidet skal vere sluttført i 2021.

Arbeidet med E16 over Filefjellet blir sluttført på strekninga Smedalsosen-Varpe bru, og det blir offisiell opning av vegen i september 2017. For neste år er det ei løyving på 239 millionar kroner.

Svenn Egil Finden

NØGD MED FRAMLEGGET: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Får pengar til sysselsetting

Bygging av ny Loftesnesbru på riksveg 5 i Sogndal får 130 millionar kroner, og oppgraderinga av Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen på E16 i Aurland får 129,7 millionar kroner.

To anlegg som alt er opna, E39 mellom Sande og Vadheim, og Lavik ferjekai, får 88 og 39 millionar kroner.

Eit trafikksikringsetiltak på riksveg 15 i Eid, Nor bru-Hjelle, får 22 millionar kroner, elles blir det mindre summar til ulike tiltak.

Men det er og varsla at Region vest får pengar til sysselsettingstiltak. Desse skal brukast til dekkelegging. Men fordelinga av desse pengane er ikkje klar enno, seier Svenn Egil Finden.

Førdepakken har ikkje fått pengar over framlegget til statsbudsjett, men Finden seier at det prosjektet uansett går sin gang, og at det ikkje var venta noko for 2017.

– Godt og balansert

Han seier at han totalt sett er godt nøgd med framlegget til statsbudsjett.

– Vi ser på det som eit balansert og godt budsjett. Det vidarefører mykje av tiltaka som er sette i gang. Det er mange småpostar, men desse er viktige. Det går på gang- og sykkelvegar, servicetiltak, kollektivtrafikk, servicetiltak og trafikksikring.