Det seier informasjonsdirektør Bjørg Sandal. Pengane skal gå til pasientbehandling, men det er ikkje avgjort kor mykje Helse Førde får av dette.
Sandal er også spent på om det vert knytt vilkår til bruken av ekstrapengane, men så langt er det ikkje sagt noko anna enn at dei skal gå til pasientbehandling.
Utsett budsjettbalanse
Den andre biten av budsjettforliket er at kravet om budsjettbalanse i Helseføretaka blir utsett eitt år til utgangen av 2006. Dette lettar trykket på føretaka ein smule, men Helse Førde har alt fått lov til å gå med underskot på kring 35 millionar i år, så utsetting av balansekravet får ikkje dei store følgjer her.