14 hastige på Vassenden

Ein førar vart fråteken førarkortet under ein fartskontroll på E39 ved Vassenden i Jølster i dag. Føraren køyrde så fort at han fekk fleire prikkar enn han kan ha i førarkortet sitt. I alt skreiv politiet ut 14 forenkla førelegg. Høgste målte fart var 73 km/t. Ein bilførar fekk gebyr for bruk av handhalden mobiltelefon.