Hopp til innhold

14 dagar fengsel for 151 km/t

26-åringen mista lappen i eit og eit halvt år. Og om han skal køyre att, må han ta ny førarprøve.

Lærdalstunnelen

Mannen køyrde i 151 kilometer i timen i 80-sona i Lærdalstunnelen. No må han i fengsel

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Den 26-år gamle polakken vedgjekk å ha halde ein fart på 151 kilometer i timen i Lærdalstunnelen då han måtte møte i Sogn Tingrett.

Skulle på røntgen

Mannen vart teken i ein fartskontroll i tunnelen i mai i år, og politimannen som gjennomførte målinga var i retten og forklarte seg om hendinga.

Den dømde polakken vitna i retten. Der forklarte han at han hadde halde ein så høg fart fordi han skulle rekke ein time på røntgen ved Lærdal sjukehus før avdelinga stengte denne maidagen. Han var i Aurland då han sette seg i bilen.

Med seg i bilen hadde han bror sin som skulle ha timen hjå legen. Men mannen vedgjekk at dei ikkje var i ein naudsituasjon, og at dei difor ikkje hadde nokon grunn til å køyre i denne farten.

Ville fengsle han i 18 dagar

Retten meiner det er formildande at det var lite trafikk på vegen då 26-åringen køyrde i tillegg til at det var gode køyreforhold. Men retten meiner det ikkje var tilstrekkeleg til at mannen ikkje skulle bli dømd til fengselsstraff.

Aktor ville ha mannen fengsla i 18 dagar, men retten var ikkje samd med han.

Fordi mannen tilstod i saka ville retten setje fengselsstraffa så lågt som råd.

Dermed vart han dømd til fengsel i 14 dagar.

Retten var ikkje samde

Retten var delt i synet på kor lenge mannen skulle vere utan førarkort. Fagdommaren og den eine meddommaren meinte at dei formildande omstenda i saka måtte kome tiltale til gode.

I tillegg må 26-åringen ta førarprøva på ny om han skal kunne køyre bil att. For han mista sertifikatet sitt i 16 månader. Han vart ikkje dømd til å betale for saksomkostningane.