NRK Meny
Normal

14-årig honndøl imponerte

Rasmus Haugen er berre 14 år gamal. Likevel slo han dei fleste i det knallharde fjelløpet Hornindal Rundt laurdag.

Rasmus Haugen m.fl. i Hornindal Rundt

UNG OG STERK: Rasmus Haugen (i midten) slo dei aller fleste i Hornindal Rundt.

Foto: Hornindal Rundt

- Det var skikkelig deilig å klare dette, seier Rasmus Haugen.

Han kom i mål på tida 4 timar 49 minutt og 22 sekund. Berre vinnaren, Sverre Slethaug frå BFG Fana var raskare på dei 38 kilometrane. Han fekk tida 4.30.36, som er ny løyperekord.

- Eg hadde som mål å klare turen under seks timar, så eg vart ganske overraska då eg forstod at eg klarte det på denne tida, seier 14-åringen.

Den gamle rekorden hadde Andre Haugsbø frå Gaular. Nummer tre på 38 km vart Svein Otto Melheim frå Eid.

(Artikkelen held fram under biletet).

Sverre Slethaug

VINNAR AV 38 KM: Sverre Slethaug, BFG Fana.

Foto: Hornindal Rundt

Berre slegen av VM-deltakar

Og det var ikkje kven som helst som stilte til start i Hornindal.

Sverre Slethaug var med på det norske bronselaget i VM Ultra Trail i Irland i fjor.

Slethaug seier han er full av beundring for den unge honndølen, han reknar med å få høyre meir frå den karen.

–Det er fantastisk gjort av ein 14-åring, i den alderen er dei ikkje fullt utvikla korkje kondisjonsmessig eller muskulært, det er ein heilt utruleg prestasjon. Dersom han satsar på fjelløp kan han bli verkeleg god.

Mykje snø i fjellet

- Eg veit ikkje kva eg skal gjere frammover. Men eg synest det er kjekt å spring i fjellet og vil halde fram med det, seier 14-åringen.

Sykling, jogging og fjellturar har vore oppladninga til løpet laurdag.

Haugen seier det var tungt i dei brattaste områda, men at det gjekk kjapt nedover på grunn av snøen.

- Eg sprang fort nedover på snøen, forklarer han.

Undervegs var det påfyll av sjokolade, nøtter og mat.

- Det er ganske slitsamt å ete medan ein spring, men eg et helst i nedoverbakkane. Det er enklare enn oppover.

(Artikkelen held fram under biletet).

Karoline Holsen Kyte (fremst)

NY LØYPEREKORD: Karoline Holsen Kyte frå Førde.

Foto: Hornindal Rundt

Førde-jente med løyperekord

I kvinneklassa vann Karoline Holsen Kyte frå Førde. Ho sette ny løyperekord med tida 5.27.40. Her vart svenske Marit Nilsson nummer to og Susanna Niskanen frå Eid nummer tre.

Ein annan VM-deltakar, Thomas Andersen frå BFG Fana, vann den lengste løypa på 75 km på tida 10.26.34. Nummer to vart svensken Johan Johansson på tida 10.51.59. Dameklassa vart vunnen av 54 år gamle Sharon Broadwell frå SK Vidar på tida 16.32.46.

(Artikkelen held fram under biletet).

Thomas Andersen - Hornindal rundt

VINNAR AV 75 KM: Thomas Andersen på toppen av Gulkoppen, det høgste punktet i løpet.

Foto: Hornindal Rundt

Kan bli NM-løype?

I alt 118 stilte til start. Den lengste løypa på 75 km har ei total stigning på 5600 meter, medan den halve distansen har ei total stigning på 2900 meter.

Arrangøren fekk ros frå deltakarane for flott natur, god løype og grundig merking. Dei to VM-deltakarane Sverre Slethaug og Thomas Andersen meiner løypa i Hornindal kan passe godt som NM-løype.

– Det er det beste fjelløpet eg har vore med på, det er fantastisk flott trasé, veldig variert løype, godt underlag, det meste går på gode stiar, likevel er løypa teknisk nok. Og så er det ei svært tøff løype med lange stigningar.

Løpsleiar Amund Sverre Tomasgård seier arrangørane er nøgde med gjennomføringa av Hornindal Rundt. Han synest det er kjekt med gode tilbakemeldingar frå VM-deltakarane. I evalueringa av løpet vil arrangøren vurdere om det kan vere aktuelt å søkje om NM-arrangement.

Her er heile resultatlista .

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå