Hopp til innhold

130 har klaga på eigedomsskatten – nokre får medhald

Flest private har bedt kommunen om å sjå på eigedomsskatten på ny. Framleis kan det kome fleire klager.

300 naustedøler hadde møtt fram for å seie si meining om eigedomsskatten.

NY SKATT: Nokre av innbyggjarane i Naustdal får truleg eit trivelegare brev, i alle fall for lommeboka, i posten av kommunen på vårparten.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Nokre på landbruk, om lag 30 på fritid, noko på næring, men storparten av klaga kjem på privat bustadar, seier kommunalsjef i Naustdal, Ørjan Stubhaug.

I romjula fekk kring 1500 innbyggjarar i Sunnfjord-kommunen ei lite hyggeleg gåve. I brevet kom nemleg varsel om auka eigedomsskatt, for nokre nær ei dobling.

– Eg har fått ein veldig stor auke, frå i underkant av 6000 kroner til vel 14–15 000, sa Ørjan Vatne til NRK i byrjinga av januar.

Også i Sogndal vekte endringar i eigedomsskatten stor harme.

Nokre har fått lågare takst

Klagefristen for dei fleste av innbyggjarane og næringslivet i Naustdal kommune er ute, og til no har det kome inn i overkant av 130 klager. Nokre har fått utsett frist fordi takstnemnda justerte rammene og retningslinjene etter at taksten var sendt ut.

Administrasjonen og politikarane i Naustdal på møte.

URO I KOMMUNEN: – Klagemengda er som forventa, seier kommunalsjef Naustdal Ørjan Stubhaug.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Ein del av dei innbyggjarane som hadde store hus fekk lågare takst. Desse fekk også utvida klagefrist til slutten av mars, seier Stubhaug.

Til no har dei behandla kring 60 klager og skal halde fram jobben komande veke. Dei som får medhald i klaga får brev, for dei som ikkje når opp, blir klaga sendt vidare til overtakstnemnda for endeleg vurdering.

– Nokre meiner takstnemnda har vurdert tilstanden på huset for høgt, ikkje teke omsyn til alderen på huset eller slitasje. Enkelte har fått medhald og fått korrigert taksten, seier Stubhaug.