130 deltok i Jølster Rundt

Sunnfjord synte seg frå i beste side då sykkelløpet Jølster Rundt blei arrangert for 17. gong laurdag.

Jøster Rundt

JØLSTER RUNDT: 130 syklister sykla laurdag Jølster Rundt.

Foto: Magnus Reite Bjellaas

– Forholda i dag er fantastiske, sol og akkurat passe varmt for sykkelløp. Det seier påmeldingsansvarleg, Ingvar Byrkjeland.

Med smått og stort er det 130 syklistar som deltek i 90 kilometer lange sykkelløpet, med start i Førde vidare på sørsida av Jølstravatnet til Skei og retur på E39 på Nordsida og målgang i Førde.

Tidlegare start

Denne gongen var starttidspunktet flytta fram til klokka ni for dei som sykla på tid, mot klokka 11 tidlegare.

– Det gjorde vi for at dei skal kunne sykle med minst mogleg trafikk på vegen.

Men NRK. no snakkar med Byrkjeland syklar dei første syklistane i mål, og det blir trippelsiger til arrangørklubben Førde CK. Mikael Johansen, Thomas Kristiansen Grønfur og Kristian Aasen Tjønneland blir klokka inn ril 2:07:30.

– Ja, då har dei ein snittfart på nærare 45 kilometer i timen, så det går fort med dei.

Deltakarar frå heile fylket

Denne helga er det 17. gong at Jølster Rundt blir arrangert. Deltakarane kjem frå heile fylket, og også Hordaland, sjølv ein kollisjon med andre ritt gjorde at det kom litt færre syklistar frå nabofylket enn arrangøren hadde håpa på.

– Den tidlege starten i år gjorde det også litt vanskeleg for deltakarane får Nordfjord, med tanke på ferjeavgangane på Lote–Anda. Men Måløy stilte likevel med eiga pulje med 19 syklistar.