Hopp til innhold

13 til sjukehus: No blir det full gransking av dramatisk tunnelbrann

– Vi ønskjer å sjå nærare på kva som skjedde då trafikantane inne i tunnelen blei utsett for røyk, seier Rolf Mellum i Statens havarikommisjon for transport.

Tunnelbrann

TOK FYR: Ein feiebil med fleire hundre liter diesel og hydraulikkolje tok fyr inne i den 6,3 kilometer lange Fjærlandstunnelen. 13 personar blei sendt til sjukehus med røykskadar.

Foto: Sogn brann og redning

13 personar blei sendt til sjukehus då det tok fyr i tunnelen mellom Jølster og Fjærland 17. april i år.

Ein feiebil med fleire hundre liter diesel og hydraulikkolje tok fyr inne i den 6,3 kilometer lange tunnelen.

No har havarikommisjonen bestemt full gransking av brannen.

Fire brannar på fire år

Dei siste åra har fleire kraftige brannar herja i lange tunnelar på Vestlandet.

Brannen i Fjærlandstunnelen var den fjerde i løpet av dei siste fire åra.

Under brannen i Fjærlandstunnelen kom 13 unge vaksne eg ut av tunnelen og blei sende til Førde sentralsjukehus med røykskadar.

– Situasjonen var uoversiktleg. Personar sprang i alle retningar då brannen byrja, sa Espen Rysjedal i Alarmsentralen til NRK etter brannen.

Tunnel etter brannen

VESTLANDSBRANNAR: På fire år har det vore fire store tunnelbrannar i Sogn og Fjordane.

Foto: Statens vegvesen

– Håpar å lære

Rolf Mellum i havarikommisjonen håpar ei undersøking vil redusere sjansen for tunnelbrannar.

– Vi håpar å finne nokre element som kan bidra til at vi kan hindre at dette skjer igjen.

Mellum seier havarikommisjonen skal gjere fleire undersøkingar.

– Dette var ei såpass alvorleg hending at vi vil gjere ei full gransking. Vi vil sjå på alle forhold.

– Vi håpar å avdekkje kva som er årsaka til brannen. Det vi veit er at brannen starta i samband med vedlikehald inne i tunnelen.

Rapporten skal vere klar innan eitt år.