Hopp til innhold

13 nederlendarar på truger i trøbbel på Strynefjellet

Eit redningshelikopteret har prøvd å nå fram til gruppa, men måtte snu på grunn av dårleg flyvêr.

redningsaksjon

– Vi har fått melding om at ei gruppe på 13 nederlendarar er på fjelltur. Dei skal ut ifrå meldingane ha vore på trugetur, Ben Vikøren ved Hovudredningssentralen på Sola.

Gruppa skal ha meldt om problem via eit satellittsystem. Kva problem dei har veit ikkje Hovudredningssentralen. Gruppa kan ikkje kommunisere ut anna enn at dei har problem, og kan heller ikkje ta imot meldingar. Hovudredningssentralen opplyser at ein heller ikkje får tak i dei på telefon.

– Redningshelikopteret måtte snu på grunn av tett snøvêr.

Har vore på tur i fleire dagar

Gruppa er i nærleiken av Danskehytta, fem kilometer nord for Grotli.

– Dei gjekk frå Bjorli, via Puttbya, Torsbua, Polfoss, Danskehytta og tilbake til Bjorli. Dei starta å gå 21. februar, opplyser Vikøren.

Redningsmannskap frå fleire fylke er kalla ut, men det er også stor snøskredfare i området.

– Det har kome 40 centimeter med nysnø i løpet av dei siste dagane, som ligg på toppen av det allereie ustabile snølaget, så det er grunnen til at Røde Kors ikkje vil sende mannskap inn. Norske redningshundar er på veg til Grotli med bil.