Hopp til innhold

13 medaljar på første dag av UM

Ein søkkvåt dag på Nadderud viste seg gje god medaljefangst for Sogn og Fjordane.

Marte Rygg Årdal

Marte Rygg Årdal opna UM med to gullmedaljar.

Foto: Sander Heggheim

For utøvarane frå fylket henta heim heile 13 medaljar. Av desse var fire gull, fem sølv og fire bronsemedaljar.

To gull til Rygg Årdal

Ein av fylket sine største gullkandidat, Trude Raad, står over grunna sjukdom, men medaljane rann inn likevel. Marte Rygg Årdal (Brodd) henta heim gull i både kule og slegge. I kule sette 17-åringen ny personleg rekord med 10,67 meter.

I ufyseleg regnver hoppa Jens Christian Andenæs (Fjellhug/Vereide) akkurat nok til å få med seg gullet i høgde. 16-åringen som er god for to meter, vann øvinga med 1,83 meter.

Sterkt av Øygard

Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø) vann 110 meter hekk i 17-årsklassa med tida 15,25. Vidare presterte 17 år gamle Knut Olav Øygard (Jølster) å springe inn til sølv på 3 000 meter med den svært sterke tida 8,54,03. Det er personleg rekord med 20 sekund. Bror hans, Eivind, vart nummer fire.

Petter Gulestøl (Florø) tok sølv i diskos i klassa gutar 15 år med eit kast på 49,30. Sølv vanka det også på Sander Sekkingstad Terum frå Aurland som fullførde 1 500 meter hinder på tida 5,25,65 i 16-årsklassa.

Medaljar i stav

Frida Norem Føleide fekkk sølv då ho kasta diskosen 30,99 meter i klassa for jenter 16 år.

Stavhopparmiljøet i Svelgen sikra seg både sølv og bronse. I klassa 15 år gjekk Magnus Olav Myrhol over 3,11 og vart med det nummer to. Her vart Andreas Berge frå Oppstryn nummer tre med same resultat. Daniel Hessvik Holm (Svelgen) vart nummer tre i klassa gutar 16 år med 3,61 som beste resultat.

Bronse til Florø

Dei siste bronsemedaljane gjekk til Florø. Sveinung Grøneng Havn støytte kula 13,64 i 16-årsklassa, medan Gunnvor Leikanger Feidje fekk 9,88 som beste resultat i tresteg for 17-åringar.

- Det er litt spesielt at vi i år tek medaljar på lange løp. Dei siste åra har det vore kastarane som har sanka flest medaljar. Dette viser at vi her har verkelege ting på gang også på lange løp, noko fylket ikkje har hatt på mange år, seier ein godt nøgd leiar i friidrettskrinsen, Narve Heggheim.