Hopp til innhold

13-åring på sjukehus i alkoholrus

Ein 13 år gamal gut måtte til sjukehus etter å ha drukke alkohol saman med ein vennegjeng ved Vassenden skule fredag kveld. Det er uvisst kva type alkohol han og dei andre har fått i seg.

13-åringen måtte fraktast med luftambulanse til sjukehus. Lensmann Knut Skurtveit har vore på skulen i dag.

- Det som kanskje var litt spesielt var at ungdommane ikkje visste kva dei hadde drukke. Det var noko blankt på ei flaske, seier Skurtveit.

Ganske dramatisk

Ein ungdomsgjeng på 8-10 stykke frå Skei og Vassenden møttest til utefest like ved skulen på Vassenden fredag. Ein av dei hadde fått tak i ei flaske med alkohol og drukke. Fleire vart rusa, og ein vart så dårleg at medelevar tok kontakt med vaksne. 13-åringen var så overstadig rusa og dårleg at ambulanse vart tilkalla. Lensmannen seier det var godt at nokon reagerte.

- I følgje legen var det rimeleg dramatisk. Dette kunne gått ille.

- Lærepenge

Lensmann har vore på Vassenden skule og snakka med elevane i dag. Både skulen, foreldra og lensmannen vil få fram kor alvorleg dette er. Skurtveit trur elevane forstår alvoret.

- Ja, det er klart at desse elevane har fått seg ein alvorleg lærepenge. Vi har jo døme frå dette med smuglarsprit, der folk både har døydd og vorte blinde då dei har fått i seg metanol, seier Skurtveit.