- Kvifor vart ingenting gjort fyrste gongen, kvifor vart ikkje beina satt på plass fyrste gongen, kvifor vart ikkje blodomløpet til fingrane sjekka? Spørsmåla er mange for den fortvila faren i Florø.
Komplikasjonar førde til at guten knappe tre veker seinare måtte opererast ved Ullevål sjukehus i Oslo.
Trampolinehopp
Det var 15. juli 13 år gamle Eirik Orheim Pedersen skadde seg under hopping på trampoline. Etter å vore innom sjukehuset i Florø vart han send til Førde Sentralsjukehus.
Røntgenbileta viste brot i begge beina i venstre underarm.
Eit stygt sår i armen vart reinsa og sydd og armen gipsa av ein dansk vikarlege, men guten hadde to vonde døgn på sjukehuset.
- Dei fann ut at dei hadde gipsa for stramt, og klipte opp litt av gipsen. Men smertene varte ved, fortel Pedersen.
Forskyvingar
Den 20. vart guten send heim, trass i at røntgenbileta då viste ein del forskyvingar av beina i armen.
- Det var heilt tydeleg at beina ikkje sto rett i høve til kvarandre.
Ei veke seinare var Eirik til Førde for kontroll på poliklinikken. Bileta viser at det var klare endringar og ytterlegare forskyvingar av beina i underarmen, men guten vart likevel send heim igjen utan at noko vart gjort på sjukehuset.
- Katastrofalt
To dagar seinare drog familien til Oslo, men gjennom helga fekk Eirik endå større smerter i armen, og måndag ringde faren Førde sentralsjukehus.
Etter kort tid fekk Pedersen telefon tilbake frå overlegen ved avdelinga. Han hadde sett på bileta av armen.
- Slik eg oppfatta legen, sa han at bileta var heilt katastrofale. Han var rett og slett redd for kaldbrann.
Etter råd frå overlegen i Førde fekk foreldra guten sin inn til spesialistar på Ullevål sjukehus.
- Dei var redd at 30-40 % av vevet fram til fingrane var øydelagd, og dei var nøydde til å få blodårar og nervar til å fungere att, fortel Pedersen.
Guten låg fire timar på operasjonsbordet på Ullevål.
- Vi fekk klar beskjed om at dei ikkje kunne garantere at han fekk behalde armen.
Innrømmer feilvurdering
Avdelingssjef Svenning i Lida ved ortopedisk avdeling ved Sentralsjukehuset i Førde vedgår at sjukehuset her har gjort ei alvorleg feilvurdering.
- Da vi såg at røntgenbileta ikkje var akseptable, burde vi tilby operasjon, seier i Lida.
Sjå Sjukehuset vedgår feil .