Hopp til innhold

13-åring las høgt for barneskuleelevar – frå eiga krimbok

FØRDE (NRK): Sander Solheim Klakegg (13) var denne veka tilbake på sin tidlegare barneskule. Barneskuleelevane der fekk høyre han lese høgt frå si sjølvskrivne krimbok «Eit ess i ermet».

Sander Solheim Klakegg sit i gymsalen på Flatene skule og les høgt frå eiga krimbok

UNG FORFATTAR: Sander Solheim Klakegg (13) måtte svare på spørsmål frå salen då han las for barneskuleelevar ved Flatene skule.

Foto: Pakwipa Rattananed / NRK

– Åå, ver så snill og hjelp meg. Det er så mykje blod, utover graset og oppover trea.

13-åringen Sander Solheim Klakegg sparte ikkje på dei skumle kapitla då han las for elevane på Flatene barneskule i dag.

Boka han las frå, «Eit ess i ermet», har han skrive heilt sjølv.

Krim i eigen heimstad

– Boka handlar om at nokon finn ein død mann ved Bekkjavatnet i Førde. I tillegg er det ein gut som er forsvunnen, så då må politiet finne ut kva som har skjedd.

Boka som er 51 sider lang tok han nokre månadar å skrive.

Sander Solheim Klakegg (13) si krimbok "Eit ess i ermet" ligg på bordet med ein mikrofon

«EIT ESS I ERMET»: Det tok Sander Solheim Klakegg nokre månadar å skrive ferdig den 24-sider lange boka.

Foto: Pakwipa Rattananed / NRK

– Ideen berre kom til meg, og eg grubla på den i ei stund før eg skreiv ho. Eg er glad i å lese så eg hadde lyst å lage mi eiga forteljing, seier Sander.

Etter å ha lese høgt frå boka til barneskuleelevane, måtte han svare på spørsmål frå salen.

– Dei spurde meg om alt ifrå kva favorittmaten min er til kva eg synest er gøyast ved å skrive.

Blei inspirert

Veronica Sjåstad Agnedal (9) var ein 4.-klassingane som høyrde på då Sander las frå boka si.

– Han var veldig flink, men det var litt skummelt då han prata om blod og sånn i boka, seier ho.

Vennene Oda Emeline Gjervik Hagenes (9) og Tobias Skåre Kristiansen (9) er einige.

– Boka var veldig bra og spennande, meiner Tobias.

– Det høyrest veldig kjekt ut å skrive ei slik bok, så eg fekk lyst til å skrive ei krimbok, eg og.

Veronica Sjåstad Agnedal, Oda Emeline Gjervik Hagenes og Tobias Skåre Kristiansen på Flatene skule

PUBLIKUM: 9-åringane Oda Emeline Gjervik Hagenes (t.v.), Veronica Sjåstad Agnedal og Tobias Skåre Kristiansen lytta og stilte spørsmål til forfattaren.

Foto: Pakwipa Rattananed / NRK

I gong med oppfølgjaren

I løpet av spørjerunden med barneskuleelevane kom det fram at Sander er i gong med endå ei krimbok, der dei same karakterane må prøve seg på eit nytt krimmysterium.

– Den nye boka handlar om eit nytt narkotisk stoff som er kome til Noreg, og at det er spesielt mange som døyr av det her i Førde. Så då må politiet på nytt finne ut kvifor dette har skjedd, fortel 13-åringen.

Boka «Eit ess i ermet» kan ein finne på biblioteka i Naustdal og i Førde.