Den lovande fiolinisten og ungdomsskuleeleven fekk toppkarakter då ho no i desember gjekk opp til teorieksamen ved Firda vidaregåande skule på Sandane.
- Draumen er å bli solist, og spele med store orkester i kjende konserthus som Carnegie Hall, seier Madelene Berg.
Med i nyttårskonserten
Ved årsskiftet skal ho vere med i NRK sin nyttårskonsert på fjernsyn frå Trondheim. Madelene har i mange år spela saman med den eldre søstera si som spelar piano. Dei kjem frå ein svært musikkinteressert familie der dei aller fleste spelar eller syng.