Hopp til innhold

127 km/t i 70-sona – utan førarkort

Den førarkortlause hordalendingen gav blaffen i fartsgrensa på 70 km/t i Aurland. Fotoboksen knipsa han i 127 km/t.

No er mannen i 20-åra dømd til fengsel i 30 dagar, og to år utan førarkort.

I tillegg til fartsoverskridinga i jun. i fjor, måtte mannen svare for nok ein gong å ha køyrt bil utan førarkort, då han møtte i Sogn tingrett.

Fekk strafferabatt

Dei to lovbrota skjedde med halvannan månads mellomrom, og i prøvetida frå ein tidlegare dom. I desember 2013 vart han dømd til fengsel i 21 dagar. Då for promillekøyring og for å ha køyrt utan førarkort.

At det var fengselsstraff som venta mannen, kjem klart og tydeleg fram i vegtrafikklova. I 70-sona går grensa for fengselsstraff ved 115 km/t. Hordalendingen var som nemnt godt over det.

Mannen erkjende dei to siste forholda i politiavhøyr, og fekk 25 prosent tilståingsrabatt.

Ynskte fotlenke

Hordalendingen slepp å sone halve fengselsstraffa om han held seg vekke frå lovbrot dei neste to åra. Derimot må han framleis klare seg utan førarkort i to nye år.

Mannen bad om å få sone straffa med lenke. Det blir opp til kriminalomsorga å avgjere, men Sogn tingrett peikar på at han tidlegare har hatt alvorlege rusproblem.

– Fotlenkesoning vil vere betre eigna til å sikre at sikta ikkje hamnar tilbake i gamle kriminelle vanar, men i staden kan halde fram med å gå på jobb og halde seg unna rus, skriv dommarfullmektig Kristine Geirsdatter Celius.