Hopp til innhold

Gifta seg 12.12.12 klokka 12

12.12.12. er ein populær dato blant brurepar. I Fjordane tingrett fekk eitt par kvarandre sine ja klokka 12.

Runar RIse og Gina Næss

NYGIFTE: Runar Rise Hallset og Gina Bydal Ness vart det heldige paret som fekk gifte seg klokka 12.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Det er jo ein dato ein hugsar, seier brudgom Runar Rise Hallset.

Heile sju par har valgt å gifte seg i Fjordane tingrett på denne spesielle datoen. Det er meir enn vanleg til å vera ein onsdag, men det slår ikkje rekorden frå 8.8.2008, då 11 par vart vigde.

Å gifte seg eller fri på ein dato med tre like siffer har vore populært kvart år dei siste tolv åra, men i dag er det siste sjanse før 01.01.2101.

Vart det heldige paret

I Førde var det spesielt stor etterspurnad etter vigslinga kl. 12. Og det var til slutt Runar Rise Hallset og Gina Bydal Ness, eller no Gina Ness Hallset, som vart dei heldige.

– Me hadde ønske om å få klokka 12, men det var sjølvsagt booka. Men så fekk me melding om at dei som skulle ha klokka 12 hadde trekt seg, så då vart me heldige vinnarar av klokka 12, seier brura.

Dei satsar på at det å gifte seg 12.12.12. klokka 12 kan bringe ekstra lykke med på vegen.

– Me håpar jo på det, seier brudgomen.

Men sjølve bryllaupsfeiring må vente til ein annan dag.

– Eg har eksamen i morgon, så eg har ikkje hatt tid tid til så mykje bryllaupsførebuingar, seier brura.

– Me tek det igjen på nyåret, seier brudgomen.

89 år til neste gong

I Sogn tingrett var det tre vigslar i dag. Og der var det eit par som fekk kvarandre sine ja akkurat på slaget 12 minutter over 12.

Gullsmedar i Førde melder også om at pågangen har vore større enn vanleg etter trulovingsringar.

Og om ein framleis skulle ha planar om å fri på ein dato som er lett å hugse, må ein skynde seg. Det blir nemleg 89 år til neste gong.