– Den verste nedbøren er vel ikkje komen. Den er meldt seinare på kvelden, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.
- Sjå oppdatert og detaljert vêrmelding på yr.no
- NRK.no/trafikk har oppdaterte vegmeldingar
- Her finn du Statens vegvesen sine vegkamera
Han har 12 vegnummer på lista over strekningar som er stengde grunna ras eller rasfare. Dei fleste blir ikkje opna att før tidlegast fredag (sjå liste nedanfor).
– Den siste hendinga var eit lite ras i på E39 Ytredalen nord for Vadheim. Her skal dei snart vere ferdig med å rydde vegen, slik at den blir open for fri ferdsle etter manuell dirigering, opplyser Nedberge Hille.
- LES OGSÅ:
Stikkrenner går tette
Etter store vanskar grunna snøfall onsdag, har situasjonen på dei viktigaste hovudvegane betra seg torsdag. Både på E39, E16, Rv 5 og Rv 15 skal forholda vere greie. Men mange stader langs vegnettet er vatnet nær ved å flaume over. Entreprenørar og vegvaktarar er ute over heile fylket for å sjå til vegane.
– Det er særleg problem med stikkrenner som går tette og renn over. Så dei reiser rundtog sjekkar.
I tillegg til fjellovergangane Aurland – Hol, Årdal – Tyin og Vikafjellet er fleire fylkesvegar stengde. Mellom anna fv. 609 som mange pendlarar nyttar mellom Askvoll og Førde.
- LES OGSÅ:
– Hald deg heime
Nedberge Hille fortel om ein jamn straum av telefonar til sentralen i Lærdal.
– Vi har ein jamn pågang av telefonar. Vi har ein på vent heile tida.
Vaktoperatøren rådar dei som absolutt ikkje må ut på rasfarlege vegar om å halde seg i ro.
– Ein må vere obs. Det kan vere både vatn og steinar i vegen, og det er vanskeleg å sjå i mørket. Det kan vere greitt å halde seg inne i kveld.
Desse vegane er stengde torsdag kveld:
- Riksveg 13 Vikafjellet
- Fylkesveg 50 Aurland – Hol
- Fylkesveg 53 Tyin – Årdal
- Fylkesveg 55 Balestrand – Dragsvik, Esefjorden (ferja går frå Balestrand)
- Fylkesveg 92 Arnafjord – Vik
- Fylkesveg 152 Ulvastad – Menes i Balestrand
- Fylkesveg 241 Gudvangen – Bakka
- Fylkesveg 243 Bell - Ås
- Fylkesveg 337 Hafslo – Veitastrond
- Fylkesveg 609 Askvoll – Førde v/ Hundsåna
- Fylkesveg 616 Dombestein – Davik
- Fylkesveg 691 Rønnekleivfossen – Gjengedal i Hyen
Kjelde: Statens vegvesen. Ny vurdering blir gjort fredag
Ekstra båt- og bussruter
Fylkeskommunen har sett opp båtrute mellom Vik og Arnafjord grunna stengd veg. Båtrutene finn du her.
Dersom fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde framleis er stengd fredag morgon, blir det sett opp krisebussrute via Dalsfjordbrua. Rutetidene finn du her.
Luftputebåten einaste veg
Ein av dei som er råka av stengd veg er gardbrukar John Molland på Veitastrond i Luster. Dei nær 100 innbyggjarane i bygda er utan vegsamband til omverda etter at fylkesveg 337 vart stengd grunna ras.
Mjølkebonden som er vand med rasstengd veg tek likevel det heile med stoisk ro.
– Dette reknar vi ikkje som ras. Det er berre noko lite som ikkje gått over vegen, seier Molland til NRK.no.
(Artikkelen held fram under biletet.)
Har fått 75 cm snø på få dagar
Etter ein mild vinter har bygda inst langs Hafslovatnet dei siste dagane fått store mengder snø.
– Det var heilt bert her hin dagen. No har vi fått 75 cm snø på eit par-tre dagar. No i kveld er det snø og slaps i lufta, fortel Moland.
I mangel på bilveg brukar bygdefolket luftputebåt inn og ut av bygda.
– Vi har gjort to turar i dag. Halve vatnet er isfritt, så det gjekk fint, seier gardbrukaren som håpar stenginga blir kortvarig.
For bygdefolket på Veitastrond har vinteren 2013/2014 uansett vore ein av dei beste med tanke på rasfaren.
– Dette har vore ein kjempeflott vinter, ikkje snø og ikkje kulde. Vi kan gjerne få fleire slike vintrar, ler Molland.