Hopp til innhold

12 personar tekne med narkotika på Eid

Politiet har i natt oppretta sak mot 12 personar på Eid grunna mistanke om narkotikabruk og oppbevaring.

Video Responstid for politiet tema på Stortinget.
Foto: Nyhetsspiller

– 12 oppretta saker kan kanskje høyrast mykje ut. Men med tanke på kor mykje folk som er samla på Eid, så er det ikkje så veldig gale.

Det fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane, Ole Tom Nord. I helga har det vore arrangert Malakoff Rockfestival i bygda, som har samla fleire tusen unge menneske.

– Alle sakene er på Eid, men eg veit ikkje kva samanheng dei har med arrangementet, fortel Nord.

Dei fleste som har fått ei sak oppretta har brukt stoff som hasj og marihuana. Ein av dei er mistenkt for bruk av amfetamin.

Alle vil no få saka vurdert av politiet.