Det er registrert to tilfelle av gutar på 12-13 år som har kjøpt, men elles veit vi om mange som har fått tak i slike våpen, seier politibetjent Eirik Krossen.
Farleg
Softgun er forbode, men likevel svært populært blant mindreårige. Våpenet liknar eit vanleg våpen og kan vere både i plast og metall. Ein softgun kan ladast med plastpatroner, men har likevel stor kraft og kan difor vere svært farleg. Difor ser politiet svært alvorleg på at born ned i så ung alder får tak i slike våpen.
Hadde ikkje løyve
Politiet vart gjort merksame på at fleire boder selde dei forbodne våpna. Dei ansvarlege for bodene hadde heller ikkje løyve til å selje våpna. Våpna har enten blitt levert inn til politiet, eller blitt øydelagt. Seljarane som stod på messa fekk pålegg om å fjerne alt som var av softgun, og det gjorde dei også, seier Krossen.
- Skal skrive opp varespekteret
Påtroppande messegeneral, Simen Staalnacke, er lei for at ungar fekk kjøpe våpna. Alle utstillarane pliktar å skrive opp varespekteret sitt. Og så snart vi får kontrollert alle bodene, så luker vi vekk det som er ulovleg, seier han. Men han legg til at det var 170 stands, og då er det eit stort arbeid å gå gjennom alle varene.