Hopp til innhold

113,5 millionar til Bremanger

Om dei vinn fram med søksmålet mot Citigroup.

Rådhuset til Bremanger kommune
Foto: Ottar Starheim / NRK

Ordførar i Bremanger Kåre Olav Svarstad seier 113,5 millionar kroner er det bokførte tapet etter Terra-skandalen.Og han håpar dei kan få dette att.

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad.

Det har vore fleire tunge tak for ordførar i Bremanger etter Terra-skandalen. Men no er det kanskje lys i tunnelen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Vik kan få 26 millionar kroner

Ti år med sparing

Med seg på laget har kommunane ein av dei tøffaste advokatane det er mogleg å oppdrive. . Marc E. Kasowitz er mellom anna også advokat for finaskjendisen Donald Trump.

Kommunen har som dei andre kommunane som investerte i Terra, knallharde innsparingskrav hengande over seg.

I Bremanger har dei sett opp ein tiårsplan med sparing.

- Innsparingane vi har gjort og vil gjere er basert på at vi taper heile beløpet, og at vi ikkje får erstaning. Det er for tidleg å planleggje noko anna, seier Svarstad.

"Vinn eller forsvinn"

Terra Securities
Foto: Scanpix

Det er skule og barnehage og pleie og omsorgssektoren som krev mest av den kommunale slunkne kassa. Om kommunen skulle vinne fram i søksmålet, vil dette ha stor betydning for dei postane i kommunen som treng mest pengar.

- Det vil jo ha følgjer for heile drifta av kommunen om vi vinn eller taper. Men det er klart at det vil betre situasjonen vår om vi vinn, seier ordføraren.

For han er klar på at utfordringane i desse sektorane ikkje vert mindre frammover.

Ingen utgifter på saka

- Kva vil rettsaka koste dykk?

- Det er bustyret som er hovudpart i dette, og det er dei som står for hovudkontakten mot Citibank. Dei forskotterer utgiftene til rettsaka, og det ver trekt frå ein eventuell erstaningssum, forklarar Svarstad.

Ordføraren er klar på at dei har gode sjanser til å vinne fram i saka mot finansgiganten Citigroup.

- Vi er informert frå våre advokatar, av bustyret og av advokatane som er brukt i USA om at vi har gode sjansar i denne saka, seier ein optimistisk Svarstad.