Hopp til innhold

110-sentralen: – Folk bør tenke at isen er utrygg

Har du fått inspirasjon av OL til å børste støv av skøytene dine? Er du på Vestlandet, så bør du sjekke isen veldig nøye før du legg ut på skøytetur.

Skøyteis på Stokkalandsvatnet i Sandnes

SKØYTEIS: I Rogaland er det spesielt utrygg is, melder varsom.no. Her frå ein skøytetur på Stokkalandsvatnet.

Foto: Ragnar Christensen / NRK

Sol, kuldegrader og vinterferie gjer at mange har drista seg ut på islagde vatn. På fredag måtte brannvesenet rykke ut fleire hendingar på Vestlandet, der born og unge gjekk på utrygg is.

– Folk bør rett og slett tenke at isen ikkje er trygg, åtvarar vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Siv Sørstrand.

Sjølv om det kan virke trygt etter ein lang periode med låge temperaturar, så er isen langt frå tjukk nok fleire stadar i vestlandsfylka.

– I vest er det mykje usikker is, spesielt nær kysten. Det ligg is på dei fleste vatn, men denne er for tynn. Høgt til fjells må ein passe seg for vatn som ligg nær vassdragsutbygging. Varmt vatn frå kraftverk kan svekke isen, seier Ånund Kvambekk, som er isekspert ved varslingstenesta varsom.no.

På Austlandet ligg det mykje snø på islagde vatn, og det er difor betre skiføre enn skøyteføre. Frå Trøndelag og nordover finn ein dei beste tilhøva for alle som vil teste skøyteforma.

På skøyteisen

10 CM: Mål isen for å sjå om den er trygg. Isekspert Ånund Kvambekk meiner 10 centimeter er ei grei grense.

Foto: Stein Roar Leite/NRK

– Mål isen!

Årleg døyr det mellom fire og fem personar i Noreg på grunn av utrygg is.

– Nokre har meir greie på is enn andre. Når desse brukar isen, så trur ofte folk som ikkje er like kyndige at heile isen er trygg. Nordmenn er flinke til å passe på, men har gjerne ikkje kunnskap nok til å vurdere kva som er trygt, seier Kvambekk.

Iseksperten har eit klart råd til alle skøyteglade.

– Mål isen! 10 centimeter er ei grei grense, seier Kvambekk.

Det finst likevel ei trøyst til utolmodige vestlendingar.

– Det ser ut til at det er nettopp Vestlandet som ligg an til å få den finaste isen dei neste dagane med kuldeperioden vi går inn i.