– Det var heilt sjukt, stemninga var heilt rå, seier Hedda Ripe.
Saman med venninene stod ho heilt framme på konserten, og dei fekk ei oppleving dei seint vil gløyme.
– Det skjer jo aldri slike ting i Førde, så det var magisk å få vere med på, seier jentene.
Ifølgje arrangøren og politiet talde dei til rundt 11.000 publikummarar på kunstgrasbana ved Førdehuset under konserten. Det er nesten like stort publikum som under VG-lista sine konsertar i Bergen, Stavanger og Trondheim.
Jentehyl dominerte i Førde onsdag kveld. Målet til arrangørane var at det skulle kome over ti tusen menneske, og i følgje dei sjølve var det faktisk elleve tusen som trossa regnet denne onsdagskvelden.
- Les også:
– Betre enn eg hadde trudd
– Det vart faktisk endå betre enn eg hadde trudd, seier butikksjef Ørjan Alme hos Coop Extra i Førde.
Han er ein av dei som har stelt i stand heile greia, og jobba for å få VG-lista til Førde.
– Det var så utruleg god stemning i publikum. Alle var blide og det var veldig godt samhold, så det her var heilt topp. Også var oppmøtet veldig bra, trass i at det regna ganske kraftig, seier Alme.
Ein annan som var godt nøgd med konserten er den røynde konsertgjengaren, biletmakaren og musikaren Oddvar Torsheim. Han får med seg det meste av konsertar i Førde, og tykte i allefall stemninga på dagens konsert var god.
– Heilt på høgde med sekstitalet
– Stemninga her er jo heilt på høgde med det eg opplevde på sekstitalet, seier Oddvar Torsheim. Han gjekk nemleg mykje på konsert både på seksti- og syttitalet, og seier at folk på den tida stod mest med lua i handa på konsert.
– Kva med musikken då, er den like bra som på sekstitalet?
– Nei, det er den ikkje, men det skal jo noko til. Eg prøver å følgje med likevel, då. Eg har jo barnebarn, så eg kan ikkje berre sitje på gamleheim og ete blautkake, seier Torsheim.