Hopp til innhold

11.000 trossa regnet i Førde

FØRDE (NRK): Det hølja ned heile kvelden, men tusenvis av menneske trakk likevel ut på Førde stadion i kveld for å sjå VG-lista sin stjernespekka gratiskonsert.

poncho
Foto: Alf Vidar Snæland

– Det var heilt sjukt, stemninga var heilt rå, seier Hedda Ripe.

Saman med venninene stod ho heilt framme på konserten, og dei fekk ei oppleving dei seint vil gløyme.

publikum

VÅTT: Det var vått på Førde Stadion, men mange møtte opp.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det skjer jo aldri slike ting i Førde, så det var magisk å få vere med på, seier jentene.

Ifølgje arrangøren og politiet talde dei til rundt 11.000 publikummarar på kunstgrasbana ved Førdehuset under konserten. Det er nesten like stort publikum som under VG-lista sine konsertar i Bergen, Stavanger og Trondheim.

VG-lista-konserten i Førde 2016

Jentehyl dominerte i Førde onsdag kveld. Målet til arrangørane var at det skulle kome over ti tusen menneske, og i følgje dei sjølve var det faktisk elleve tusen som trossa regnet denne onsdagskvelden.

– Betre enn eg hadde trudd

jentegjeng

MAGISK: Denne jentegjengen tykte konserten var heilt magisk.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det vart faktisk endå betre enn eg hadde trudd, seier butikksjef Ørjan Alme hos Coop Extra i Førde.

Han er ein av dei som har stelt i stand heile greia, og jobba for å få VG-lista til Førde.

– Det var så utruleg god stemning i publikum. Alle var blide og det var veldig godt samhold, så det her var heilt topp. Også var oppmøtet veldig bra, trass i at det regna ganske kraftig, seier Alme.

ørjan

NØGD: Ørjan Alme var strålande nøgd med konserten.

Foto: Alf Vidar Snæland

Ein annan som var godt nøgd med konserten er den røynde konsertgjengaren, biletmakaren og musikaren Oddvar Torsheim. Han får med seg det meste av konsertar i Førde, og tykte i allefall stemninga på dagens konsert var god.

oversikt

STRØYMDE PÅ: Dette bilete er frå før alle var komne til, så det vart nok endå tettare med folk etterkvart.

Foto: Alf Vidar Snæland
Iselin Solheim på VG-lista i Førde

ISELIN PÅ HEIMEBANE: Framfor eit heimepublikum på 11.000 spelte Iselin Solheim frå Naustdal både "Faded" og den nye låten "Sing Me to Sleep". Begge to vart framført utan makkaren hennar Alan Walker, men i ein nedstrippa, akustisk versjon.

– Heilt på høgde med sekstitalet

– Stemninga her er jo heilt på høgde med det eg opplevde på sekstitalet, seier Oddvar Torsheim. Han gjekk nemleg mykje på konsert både på seksti- og syttitalet, og seier at folk på den tida stod mest med lua i handa på konsert.

torsheimen

TOPP STEMNING: Torsheimen var imponert over stemninga.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kva med musikken då, er den like bra som på sekstitalet?

– Nei, det er den ikkje, men det skal jo noko til. Eg prøver å følgje med likevel, då. Eg har jo barnebarn, så eg kan ikkje berre sitje på gamleheim og ete blautkake, seier Torsheim.