Hopp til innhold

11 personar svindla trygd for 2,6 millionar

NAV-direktør Tore Thorsnes er uroa etter at det blei svindla med trygd for 2,6 millionar i fjor. Dette er eit dobling frå året før.

Tore Thorsnes

UROA: NAV-direktør Tore Thorsnes i Sogn og Fjordane likar ikkje utviklinga med at fleire svindlar med trygda.

Foto: NAV

– I eit lite fylke vil beløpa variere mykje frå år til år, men vi er likevel uroa over denne utviklinga, fortel Tore Thorsnes.

I 2014 blei 11 personar i Sogn og Fjordane melde for til saman 2,6 millionar når det gjeld svindel med trygd. Dette er eit dobbelt så stort beløp som i 2013, skriv NAV i ei pressemelding.

På landsnivå er 1244 personar melde for eit samla beløp på 271 millionar kroner.

– Dei aller fleste blir melde for svindel med arbeidsavklaringspengar og dagpengar. I tillegg til dette kjem det saker som ikkje blir melde til politiet, men som fører til reaksjonar i form av avstenging frå yting i ein periode, i tillegg til full tilbakebetaling med renter.

NAV er basert på tillit og at dei som krev trygd oppgir rett informasjon. Dette er til dømes at dei som jobbar medan dei får trygd, fører opp timane sine.

– Dei som ikkje gjer dette tek ein stor risiko. Sjansen for å bli oppdaga er stor og konsekvensane er alvorlege, seier Thorsnes.

Ifølgje NAV vil beløp som nærmar seg 100.000 kroner føre til fengselsstraff. NAV vil no intensivere kontrollarbeidet. Thorsnes seier dei har gode metodar for å avdekke denne typen bedrageri.

– NAV har eit tett samarbeid med Skatteetaten og Arbeidstilsynet. Vi får i tillegg inn tips frå publikum. Desse blir etterforska av ekspertar i ei eiga spesialeining i NAV, seier Thorsnes.

Trygdesvindel i Sogn og Fjordane

2012

2013

2014

Tal melde saker

10

8

11

Meldt beløp

1.992.448 kr

1.373.199 kr

2.608.730 kr

Kjelde: Nav Sogn og Fjordane