Hopp til innhold

11 bildrapssaker blir gjennomgått på nytt

Politiet i Sogn og Fjordane går no igjennom 11 bildrapssaker frå dei siste 10 åra. Gjennomgangen kjem etter at det vart kjent at Statens vegvesen har heldt 1500 granskingsrapportar hemmeleg.

Bjørn Larsen

NY GJENNOMGANG: Politiinspektør Bjørn Larsen seier politiet no går gjennom 11 saker på nytt. I 10 av sakene er det snakk om ulukker.

Foto: arkiv / NRK

Politiinspektør Bjørn Larsen seier at dei no går igjennom dommane og rapportane frå Statens vegvesen for å sjå om der ligg informasjon som kan ha betydning for skuldspørsmålet.

– For vårt distrikt er det snakk om 11 saker. Totalt er det 10 ulukker, alle saker der det er domfelling for føresegna om uaktsamt drap, seier Larsen.

Kan endre årsaksbiletet

Det er riksadvokaten som har pålagt alle politidistrikt ein slik gjennomgang, etter at VG i haust avslørte at Statens vegvesen har heldt 1500 granskingsrapportar hemmeleg. Politiinspektøren vil ikkje gå inn på kva dei ser etter i bildrapssakene.

– Vi må først få gått gjennom både sjølve saka, dommane og rapportane som vi får tilsendt, og sjå om det er informasjon som kan ha betydning for skuldspørsmålet slik det er lagt til grunn av domstolane.

Alle dødsulukker på norske vegar vert analysert av Ulykkesanalysegruppene til Statens vegvesen. Det er rapportane etter desse ulukkene domstolane ikkje har fått lese før dei dømde til dømes ein bilførar for aktlaust drap.

Dette opnar for at det kan vere andre årsaker til dødsulykkene enn det retten kjente til. Innan 1. mars må Larsen og kollegaene ha gått gjennom dei 10 sakene.

Sakene kan bli tekne opp på nytt

Ifølgje Larsen skal politiet i Sogn og Fjordane hente informasjon om kvar enkelt sak, i den grad Ulykkesanalysegruppene har laga rapportar i sakene. I sakene der det finnast rapport skal det vurderast om gjennomgangen tilseier ei endra vurdering av årsaksbiletet, og om saka eller sakene bør takast opp på nytt.

– Vi avgjer det ikkje sjølv. Vi vil i tilfelle sende ei grunngjeven innstilling til Statsadvokaten som deretter vil sende det vidare til Riksadvokaten, seier han.