Hopp til innhold

11 år sidan «Det store julebrusopprøret»

11 år etter at Lerum freista å kutte ut julebrusen, torer dei ikkje tenkja tanken på å stoppa den årlege produksjonen.

Lene Fløysand og Jan Petter Vadheim

OPPRØRET ENDA LUKKELEG: Lene Fløysand Sylta og dåverande direktør i Lerum, Jan Petter Vadheim, i 2006.

Foto: pressefoto

Onsdag vart årets siste julebrusflaske tappa på Lerum-fabrikken på Kaupanger. Kvar haust endrar dei produksjonslinja ein periode for å tappa ein million flasker med det mange ser på som flytande juletradisjon. Dei lagar ikkje noko anna type brus resten av året, men å kutta ut julebrusen er likevel ikkje aktuelt.

– Eg trur det sit veldig langt inne, etter det som skjedde sist gong me prøvde, seier Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum.

Det store julebrusopprøret

Me skal skru tida tilbake til 2006. Vinter-OL blir arrangert i Torino, Mohammad Yunus og Grameen Bank får Nobels fredspris – og det blir kjend at Lerum skal slutta å laga julebrus.

– Årsaka til at me i år valde å ikkje lage julebrus, er at det har vore sterkt prispress på dette produktet, sa Jan Petter Vadheim, dåverande administrerande direktør i Lerum, til NRK.

Det skapte harme, folket ville ha julebrus. I fremste rekke stod Lene Fløysand, no Lene Fløysand Sylta. Ho starta oppropet «Folkeaksjon for Lerum julebrus» for å få brusen tilbake i hyllene.

– Smak, nostalgi og tradisjon var årsaka til oppropet. Det fekk nesten 4000 underskrifter på nettet, noko som var mykje den gongen, seier Fløysand Sylta i dag, 11 år etter.

Folkeaksjon for Lerum julebrus

DÅ BRUSEN VART REDDA: Frå venstre: Lene Fløysand Sylta, Jan Petter Vadheim og Trine Lerum Hjellhaug

Foto: pressefoto

Berga brusen

I tillegg til underskriftene, fekk Lerum hundrevis av epostar. Bedrifta innsåg ganske kjapt at dei måtte bøya seg for forbrukarane. 15. november kom meldinga om at dei likevel skulle laga julebrus.

– Det året klarte me å laga litt, og så auka me volumet til året etter. Forbrukarane har stor makt, seier Lerum Hjellhaug i dag.

Då Lene Fløysand Sylta gifta seg i 2008, gjekk det ikkje Lerum hus forbi. Dei sende like godt ein palle med julebrus i bryllaupsgåve.

– Det vart ein ekstremt populært innslag i bryllaupet, fortel ho, nesten ti år etter.

Lerum julebrus på lager
Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Julebrus er tradisjon

– Folk er veldig opptekne av kor slike produkt kjem frå. Er du frå Vestlandet, vil du helst ha Lerum, og er du frå andre stader i landet vil du ha julebrusen som kjem derifrå. Det er tradisjonar, og det blir ikkje jul utan den rette brusen, seier direktøren.

Mesteparten er allereie ute i butikkane, men om lag 180.000 flasker står på lager på Kaupanger, som i løpet av dei neste vekene og månadane også skal køyrast ut.

– Det har hendt at nokon av dei på produksjonslinja har pynta med litt julepynt den første dagen i produksjon. Det blir ein litt annan stemning her den dagen i året då me startar opp julebrusproduksjonen, seier fabrikksjef Magne Lund.

Magne Lund

NØGD FABRIKKSJEF: – Det er ein kjekk dag den dagen me startar julebrusproduksjonen, seier Magne Lund, fabrikksjef på Lerum sin fabrikk på Kaupanger.

Foto: Sondre Dalaker / NRK