NRK Meny
Normal

Står framleis utan mistenkte i valdtektssak

Politiet har gjennomført 10–12 avhøyr i samband med den melde valdtekta i Førde i helga.

Etterforsker

ETTERFORSKAR: Politiet i Førde etterforskar det som skal vere ei valdtekt i helga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Valdtekta skal ha funne stad under helgas countryweekend ved Scandic Sunnfjord Hotell.

– Vi jobbar for fullt med saka og har gjort ei rekkje avhøyr. Vi har også gjort teknisk og taktisk etterforsking og sikra spor, seier politiadvokat Inger Beth Fosse ved Vest politidistrikt i Florø.

Inger Beth Fosse

POLITIADVOKAT: Inger Beth Fosse seier politiet jobbar for fullt med etterforskinga.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Det var like før klokka 05 søndag morgon at ei kvinne melde frå om at ho var blitt valdteken på hotellet.

Fosse vil ikkje kommentere alderen til kvinna eller kvar på hotellet valdtekta skal ha funne stad. Kvinna vart tidleg søndag sendt til overgrepsmottak.

Utover dagen sikra politiet spor på staden. I tillegg vart det gjennomført 10–12 avhøyr. Ytterlegare avhøyr er gjennomført måndag. Politiet står likevel utan mistenkte i saka.

– Eg kan ikkje kommentere dei enkelte etterforskingsstega utover at det er gjort ei rekkje avhøyr og anna sporsikringsarbeid, seier Fosse.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.