Hopp til innhold

Sprang fylket rundt for å promotere teaterstykke - men berre 1060 tok turen...

Teaterstykket om løpekongen Mensen Ernst fekk mykje merksemd i media. Men besøkstala vart slett ikkje slik teateret hadde håpa på.

Terje Lyngstad

SPRANG FYLKET RUNDT: Teatersjef Terje Lyngstad sprang fylket rundt for å promotere stykket og heidre løpskongen, men besøkstala vart likevel ikkje slik teateret hadde håpa på.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Sjølv med massiv mediedekning og ein teatersjef som sprang Sogn og Fjordane rundt i ei påfugldrakt, var det få personar som valte å sjå teaterstykket om Mensen Ernst.

Salssjef ved Sogn og Fjordane Teater, Leila Øvreseth, vedgår at det ikkje gjekk slik dei hadde sett for seg.

– Dei opne førestillingane på kvelden nådde ikkje dei besøkstala vi ønskte. Det kom totalt 1060 besøkjande, og det er ein del lågare enn vi hadde håpa på, seier Øvreseth til NRK.no.

La bak seg 422 kilometer i påfugldrakt

Sjømannen Mensen Ernst frå Fresvik i Sogn vart den første profesjonelle idrettsutøvaren Norge hadde. Etter sitt første langløp i 1819, stod vikjen for ei lang rekkje oppsiktsvekkjande prestasjonar.

Ein av dei mest kjende er Paris-Moskva, ein distanse han brukte 14 dagar på å gjennomføre.

I haust har Mensen Ernst vore i Sogn og Fjordane igjen. Sogn og Fjordane Teater har sett opp eit stykke om den historiske skikkelsen, og teaterstykket har blitt spelt fleire stader i fylket dei siste vekene.

For å promotere stykket og heidre løpskongen sprang teatersjef Terje Lyngstad fylket rundt i påfugldrakt. I vår og sommar sprang han 250 mil på 100 dagar, og i haust sprang han fylket frå nord til sør. På ei veke la han bak seg 422 kilometer.

– Eg trur eg har gjort folk nysgjerrige på denne personen gjennom dette prosjektet, sa Lyngstad etter at han hadde sprunge kilometer på kilometer i den blå påfugldrakta.

(Artikkelen held fram under)

Teaterstykke om Mensen Ernst

TREDEMØLLE: Kyrre Eikås Ottersen har, som Mensen Ernst, lagt bak seg ein del timar med springing. Her frå framføringa av stykket.

Foto: Pressefoto

Har ikkje noko god forklaring

Teateret hadde eit mål om 1600 besøkjande på dei opne førestillingane, men i staden kom det berre litt over 1000 personar.

Sjølv om fleire personar vart kjende med historia til løparen frå 1800-talet gjennom mediedekning og løpestuntet til teatersjefen, kan ikkje Leila Øvreseth forklare kvifor det ikkje var fleire som tok vegen til teatersalen.

– Kvifor det ikkje resulterte i meir besøk når vi først kom ut på vegen, det er vanskeleg å svare på. Vi veit det ikkje, seier ho til NRK.no.

Lokalt forankring

Fleire av teaterstykka som er blitt sett opp på Sogn og Fjordane Teater, har også hatt ei lokal forandring og fått gode besøkstal. My Fair Lady goes Sogn og Fjordane fekk 1750 besøkjande, langt fleire enn dei hadde trudd på førehand.

Sjølv om Mensen Ernst ikkje trekte så mange til teateret som dei sjølv hadde håpa, kjem dei til å halde fram med oppsettingar med lokale historier.

– Besøket varierer frå gong til gong, men det vi ser er at det stoffet som er lokalt forankra stort sett er godt besøkt, seier Øvreseth.

Nokre teatersjefar går lengre enn andre for å promotere teaterstykka sine. Sjefen ved Sogn og Fjordane teater har lagt bak seg hundre kilometer i påfugldrakt.

SJÅ TV-SAKA: Sjå kor langt teatersjefen valte å strekkje seg for å promotere teaterstykket om Mensen Ernst.