NRK Meny
Normal

100,000 fleire sauer fører til dumpingsal

Premiering av bønder med mange sauer har ført til overproduksjon og dumpingsal til mellom anna Afghanistan. No vil landbruksministeren sjå på tilskotsordninga.

Sjering av sauekjøt ved Nortura sitt anlegg i Førde.

Ved utgangen av året går det mot at 2500 tonn saue- og lammekjøt må leggjast på fryselager. Dette fordi det er overskot i marknaden. Her ser vi skjering av saueslakt ved Nortura-anlegget i Førde.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

For nokre år sidan var det fort lite norsk sauekjøt i marknaden og vi måtte importere store mengder lam -og fårekjøt. For å auke produksjonen vart innretninga på dei statlege overføringane endra.

Frå at ein i 2013 fekk mykje for dei første 50 til 100 sauene, får dei store sauebøndene ein større del av kaka i dag. Dei same endringane vart innført når dei gjeld arealtilskota, der dei store får ein større del av kaka.

– Samtidig vart det overført midlar ifrå dei vaksne avlsdyra til slaktelam. Det vart ein fordel å drive stort og det vart ein fordel å ha mange lam per vaksen sau. Alt i alt har dette verka veldig produksjonsdrivande, fortel Ola Flaten, forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Store mengder kjøt på lager

Ved inngangen til 2017 låg det 3200 tonn saue- og lammekjøt på fryselager. I løpet av året er mykje kjøt eksportert ut av landet nærast til dumpingpris. Til dømes vart det seld 120 tonn til Afghanistan. Ved inngangen til 2018 går det mot eit lager på 2500 tonn fårekjøt.

Sauefjøs

Sidan 2014 har det vorte 100.000 fleire sauer i Norge. Ein av dei som har vorte påverka av dette er gardbrukar Erlend Brede Fossen frå Gaular, som får mykje lågare prisar for kjøtet.

Foto: Bård Siem / NRK

Flaten meiner dei statlege overføringane må endrast for å få slutt på overproduksjonen.

– Ein bør gå attende til ei løysing der dei som har mange sauer ikkje blir så godt premierte. Dei små med færre dyr må få ein større del av kaka. Tilskota til bygging av nye sauefjøsar bør også reduserast, seier han.

Ministeren vil vurdere ordninga

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) vil no sjå på ordninga som gir så kraftig overproduksjon.

Landbruksminister Jon Georg Dale

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) vil no sjå på tilskotsordninga som har gjeve stor overproduksjon av saue- og lammekjøt.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Eg er open for å vurdere produksjonsstimulansen også i sauenæringa når vi skal forhandle om ny jordbruksavtale til våren. Eg vil ha slutt på den subsidierte eksporten av kjøt til Afghanistan og andre fattige land, seier han.

NRK har nyleg snakka med ein sauebonde som fekk betalt fem øre per kilo kjøt. Er ikkje dette eit hån mot næringa som du er ansvarleg for?

– Nei, eg er ikkje ansvarleg for prisane. Eg er ansvarleg for at vi har ein landbrukspolitikk som gjev grunnlag for matproduksjon over heile landet.

Men du er vel medskuldig sidan du legg rammeverket for landbrukspolitikken som har ført til den kraftige overproduksjonen i næringa?

– Det er ingen tvil om at økonomien i sauenæringa har teke seg vesentleg opp dei siste åra. Det gjer at vi har snudd store importbehov til marknadsbalanse og overskot no. Eg er open for å redusere overføringane til bøndene for å oppnå marknadsbalanse, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.