Vinnaren er Indre Sunnfjord der det no er fleire offentleg tilsette per innbyggjar enn i Oslo.
Helse, omsorg og barnehage
I den nye barnehage på Viebøen i Førde leikar ungane 60 ivrige ungar. Og 17 nye tilsette i eit flunkande nytt bygg viser korleis dei nyter godt av trendane her i fylket. For offentlege arbeidsplassar strøymer til Sogn og Fjordane. På fire år har det kome 1000 nye offentlege arbeidsplassar, dei aller fleste kjem innan helse- og omsorg og barnehage og SFO.
- Midt i blinken
Og vinnaren er Indre Sunnfjord med over halvparten av dei nye offentlege arbeidsplassane. For Sindre Hæstad som er pedagogisk leiar på Viebøen barnehage, betydde det at han kunne flytte heim.
- Eg har budd i Bergen i fem år. Då det dukka opp ein heilt ny barnehage i Førde med nye førskulestillingar, så var det midt i blinken for meg, seier han.
Resten er taparar
Men medan særleg Førde kan tilby ungdommar offentlege arbeidsplassar å kome heim, til er resten av fylket taparar. For ytre Nordfjord som i tillegg har tapt fleire hundre arbeidsplassar, er det eit slag i ansiktet at dei heller ikkje får nye offentlege arbeidsplassar.
Ikkje overraska
Men ordførar i Vågsøy Roger B Silden er ikkje overraska. - Vi har lenge sett at kysten ligg høgst på statistikken over arbeidsledige, og vi ligg lågast på statistikken over offentleg tilsette, seier han.
- Treng hjelp
Silden seier at dei må få gjennomslag for at dei treng alternative arbeidsplassar på kysten.
- Skal vi greie å knytte til oss folk med høg utdanning, så må vi ha arbeid til den andre parten. Og då treng vi drahjelp frå det offentlege, seier han.