1000 kroner for beste tips

Kvar månad deler vi ut ein tusenlapp til det beste tipset den månaden.

NRK Sogn og Fjordane
Foto: Alf Vidar Snæland

Vi ynskjer tips, bilete og videoar om hendingar i Sogn og Fjordane. Alle tips som vert brukte, vert honorerte med fem flaxlodd.

Har du eit tips? Ring oss på 57 72 42 42 eller send ein epost til sf@nrk.no.

Du kan også sende SMS/ MMS til 1987 med kodeord SF. NRK har også ein eigen tipsportal der du kan sende tipset ditt: nrk.no/03030/

Ta kontakt når som helst

Hovudkontoret i Førde er bemanna frå 5 om morgonen til 22 på kvelden måndag - fredag, frå 7-20 laurdag og frå 08.30-22 søndag.

Men ver ikkje redd for å ringe oss utanom arbeidstid – både natt og dag – når noko skjer. Redaktør, redaksjonssjef, vaktsjefar og lokalkontormedarbeidarar har mobiltelefonar for at folk skal nå oss!

Distriktsredaktør:

Redaksjonssjefar:

Vaktsjefane våre er:

Telefonnummeret til sentralbordet vårt er 57 72 42 42. Adressa er: NRK Sogn og Fjordane, boks 100, 6801 Førde.

Har du bilete?

Dersom du har teke bilete eller video av hendingar med nyhendeverdi, betalar vi ekstra for å få tak i dei – til bruk både i fjernsynet og på internett.

Har du bilete eller video kan du sende dei til sf@nrk.no eller sende til 1987 med kodeord SF. Vi har også andre moglegheiter for overføring av bilete og video.

Hugs også å ringje og gje beskjed om du har bilete eller video. Kor mykje vi betalar vert avtalt for kvar gong.

Store avstandar

Dei store avstandane i Sogn og Fjordane gjer det ekstra viktig for oss å få rask beskjed når noko skjer.

For å dekke hendinga for fjernsyn og internett må vi ut på plassen, og til tidlegare vi veit kva som har skjedd til betre og raskare informasjon kan vi gje lesarar, lyttarar og sjåarar.

I dag kunne Førde Brannvern ta i bruk den første stigebilen i Sogn og Fjordane, og dermed kan dei nå heilt opp til dei øvste etasjane på dei høgaste bygga.
Ferjer som ikkje går når dei skal, er dessverre eit ikkje ukjent fenomen her på Vestlandet. 
På E39-sambandet Anda-Lote i Nordfjord var det over 100 innstilte avgangar i fjor. Og for nokon kan ei innstilte ferje få alvorlege konsekvensar.
Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.