Ein av demonstrantane, Anna Avdem, meiner ein ikkje kan øydelegge ei velfungerande og prisløna fødeavdeling berre fordi det er få fødslar i området.
Men det store frammøte og nær 13.000 innsamla underskrifter, vippa ikkje nestleiar i Helse Førde Kjell Opseth av pinnen. Han meiner føringane frå Stortinget er så klare, at fødeavdelinga i Lærdal ikkje kan halde fram som no.
Gir ikkje opp
Men Stortingspolitikarane frå Sogn og Fjordane var usamde med Opseth på dette punktet. Dei meiner føringane om 400 fødslar i året ikkje er eit absolutt krav for å halde på fødeavdelingane. Mellom dei arbeidarpartiet sin Reidar Sandal.
Magne Aarøen frå Kristeleg Folkeparti lovde å leggje press på sin partikollega som styrer helse og sosialdepartementet.