NRK Meny

100.000 til musea i fylket

Kulturdepartementet løyver 100.000 kroner i såkalla gåveforsterking til Musea i Sogn og Fjordane. Pengane blir gitt etter Musea i Sogn og Fjordane fekk ei gåve på 400.000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Midlane skal gå til innkjøp av måleri av kunstnaren Knut Rumohr. Ordninga med gåveforsterking vart innført i 2014 og har som mål å stimulere til meir privat finansiering av kulturlivet.