100.000 til den beste kulturidéen

I fjor sikra Utkantfestivalen i Skjerjehamn seg 100.000 kroner i konkurransen med 34 andre gode idéar. No er det klart for ny runde i «Årets beste kulturidé».

Utkantgjengen med sjekken

FJORÅRSVINNAREN: Festivalsjef Viggo Randal, styremedlem Njål Hansen Wilberg og eldsjel Terje Steine Mjøs i Utkantfestivalen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Som i fjor er det NRK Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som går saman om å kåre den beste kulturidéen. Sparebankstiftinga stiller med pengane, dei 100.000 kronene som skal gå til vinnaren.

Kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ber no dei som sit på ein god kulturidé om å sende inn søknad.

– Viktigast å få opp idéen

– Det kan vere alt frå fire linjer på eit A4-ark til ein fullstendig prosjektbeskrivelse, det viktigaste er å få opp idéen. Og så må det sjølvsagt vere mogeleg å gjennomføre idéen.

Han meiner pengane langt frå er den einaste premien i denne konkurransen.

– Dei som kjem til finalen får eksponert seg og får merksemd rundt idéen sin, og det er viktig i seg sjølv.

Fidjestøl fortel at det var svært vanskeleg å kåre ein vinnar i fjor.

– Det var så mange gode kandidatar, og det enda opp med at vi hosta opp pengepremiar til eit par andre kandidatar i tillegg til hovudvinnaren Utkantfestivalen.

Han ynskjer seg mange søknader og god breidde både temamessig og geografisk.

Årets kulturidé 2012

FOR ANDRE GONG: Kultursjef Pål Fidjestøl (t.v.) og distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen sparkar i gang 'Årets kulturidé 2013'.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Smått og stort, smalt og breitt

Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen seier NRK Sogn og Fjordane er med på «Årets kulturtidé 2013» fordi det var ein god idé og fordi det er viktig å løfte fram dei gode idéane.

– Anten det er smått eller stort, smalt eller breitt så er det viktig å få det fram. I fjor fekk vi mange gode søkjarar, og vi håpar at endå fleire hiv seg frampå i år. Vi i media blir ofte skulda for å vere veldig kritiske, men her er idéen å løfte fram noko av det positive i det mangfaldige kulturlivet i Sogn og Fjordane.

Søknadsfrist 15. april

Fristen for å sende inn søknad er 15. april. Send søknaden til kulturide@nrk.no og skriv «Årets kulturidé 2013» i emnefeltet.

Når søknadsfristen er ute, skal ein jury plukke ut eit finaleheat. Ein reporter frå NRK Sogn og Fjordane kjem så til å reise rundt og oppsøke finalistane, som blir presenterte i radiosendingane og på nettsida til NRK.

Folk flest kan vere med på å kåre vinnaren via nettet, i tillegg vil juryen ha eit ord med i laget når det skal avgjerast kven som vinn 100.000 kroner.

Det heile blir avslutta med ein fest i hagen til NRK Sogn og Fjordane til sommaren. Der skal vinnaren av «Årets kulturidé 2013» presenterast.