Hopp til innhold

Her vil ingen drive landbruk lenger, og jorda ligg brakk

KRÅKENES (NRK): 100.000 dekar landbruksjord er ikkje lenger i aktiv drift. I Solund, Årdal og Vågsøy er under halvparten av landbruksarealet i aktiv bruk.

Arne Teige

Graset som blir slått på 500 dekar landbruksjord på Kråkenes blir berre liggjande på bakken. Etter kvart rotnar det og blir til mold. Ingen vil ha graset eller leige jorda.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg slår graset med beitepussar og blir liggjande på marka. Til slutt blir det til mold, seier 69 år gamle Arne Teige med eit dystert drag over andletet. Han likar ikkje at graset ikkje blir brukt, men kan lite gjere.

Han viser dei flate og fine bøane sine på garden Skjervehaugen på Kråkenes ytst ved havgapet i Vågsøy. Tidlegare var det åtte aktive gardbrukarar i bygda. No er det ingen igjen.

Teige la ned gardsdrifta og slakta mjølkekyrne 2012. Sidan den tid har han slått graset, men det blir liggjande igjen på bøen og rotne.

Eg er 69 år gammal no og har ikkje ork til å halde på lenger.

Arne Teige

– Eg er 69 år gammal no og har ikkje ork til å halde på lenger, seier han.

Kråkenes

Det er store og flate bøar med eit samla areal på om lag 500 dekar som ikkje er i aktiv drift på Kråkenes.

Foto: Bård Siem / NRK

Gras frå 500 dekar rotnar opp

Det er ingen som driv gardane sine lenger på Kråkenes, og gras frå nærare 500 dekar rotnar opp. Dei flate bøane på Kråkenes inngår i ein dyster landbruksstistikk, for i Vågsøy er berre 44 prosent av det totale landbruksarealet er i aktiv drift. Også i Solund og Årdal er under halvparten av landbruksarealet i aktiv drift.

Teige trur gode jobbmoglegheiter og høge løner utanfor landbruket er hovudgrunnen til at så mange har kutta ut bondeyrket.

– Det har vore god tilgang på godt betalt arbeid. I tillegg har mykje av ungdommen reist vekk og teke utdanning. Så blir dei der verande, seier han.

Likar ikkje situasjonen

Av det totale landbruksarealet på 532 000 dekar i fylket, er 20 prosent ute av drift. På landsplan er 1,5 millionar dekar ute av drift, noko som utgjer 13 prosent av den totale landbruksjorda.

Assisterande landbruksdirektør i Sogn og Fjordane, Bjørn Harald Haugsvær, likar ikkje situasjonen.

Bjørn Harald Haugsvær

Assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær likar ikkje at 100.000 dekar landbruksjord i fylket ikkje er i aktiv produksjon.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi ser at mykje meir av det fulldyrka arealet burde vore nytta til fôrproduksjon. Det er også ein tendens til at mykje av innmarksbeitet ikkje lenger blir brukt, seier Haugsvær.

– Kva synest du om det?

– Dette likar vi ikkje, men folk gjer sine eigne val. dei tungdrivne areala går ut av drift og større maskinar gjer at ikkje alt areal kan brukast lenger, seier han.

– Men på Kråkenes er areala som ikkje er i drift flate og fine?

– Vi oppmodar dei som eig denne type areal til å leige det ut. Eigarskifte er også mogleg, seier han.

Ingen vil leige jorda

Teige fortel at Kråkenes ligg så langt frå nærmaste aktive gardbrukar at ingen er interesserte i å leige jorda i bygda. Då Teige var ung var det derimot full drift på alle gardane i bygda.

– Då eg var ung var det full aktivitet på gardane og mykje folk i bygda året rundt. No er det få igjen, seier han.

Arne Teige

69 år gamle Arne Teige håper eit av dei fire borna hans vil flytte heim igjen for å overta garden på Kråkenes i Vågsøy. Men dei må verkeleg ville. Det er ikkje bra dersom dei kjem berre av plikt, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

Teige har eit lite håp om at eit av dei fire borna hans skal overta, men trur ikkje det skjer.

– Nei, slik det ser ut no er det lite som tyder på det. Vi får håpe at ikkje heile bygda blir avfolka, seier han.