Hopp til innhold

100 utan straum etter fleire ras

I Oldedalen stengjer fem ras vegen. 100 innbyggjarar er utan straum etter at rasa tok kraftleidningen.

Ras i Oldedalen

MANGE RAS: Raset i Oldedalen har teke med store mengder stein og grus. Det har gått fem ras på vegen og den blir ikkje opna att i dag.

Foto: Einar Myklebust

Straumen har vore vekke sidan midnatt. Energisjef Jan Træen i Stryn Energi seier det er om lag 100 personar som er utan straum. Ti mann frå energiselskapet jobbar med å få straumen tilbake.

– Vi er avhengige av helikopter og båt for å få fram mannskap, stolpar og streng. Vi håper å få på plass straumen att før det blir mørkt i kveld, seier han.

Stryn Energi er i gang med å få fram ressursar til området. Raset har teke linja på Yrineset.

– Vi har fått tak båt, helikopter og mannskap frå Olden Røde Kors. Vi held på å få fram materiellet vi treng.

Dei har fått straum til ei mobilmast slik at mannskap i området har mobilkontakt. Dei som bur lengst oppe i dalen er framleis utan mobildekning.

Like før klokka 11 melder Statens vegvesen at fylkesveg 724 som er stengd ved Yri mellom Olden og Briksdal, ikkje blir opna att i dag.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Oldedalen» i nytt vindu