Hopp til innhold

100 stader der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Sidan 2002 har TV-sjåarar fått vere med til bortgøymde perler der folk har valt å busette seg. Søndag blir episode 100 av programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» sendt.

Jon Kvalvik på Nautøyna i Solund i samband med TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

YTST I VEST: I program nummer 100 av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» møter vi 80-åringen Jon Kvalvik som er Noregs vestlegaste innbyggjar.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det var på mange måtar litt som «å hoppe etter Wirkola», seier Arve Uglum om å ta over stafettpinnen etter programskapar Oddgeir Bruaset, som gjennom mange år var blitt ein bauta i programmet.

Han utvikla konseptet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og laga 78 episodar før han pensjonerte seg i 2014. Då fekk Uglum det ærefulle oppdraget. Med seg på laget fekk han kollega og fotograf Torje Bjellaas.

– Vi hadde laga TV-program før vi begynte med dette. Eg tippar at den dokumentariske erfaringa frå serien «Fjellfolk» var grunnen til at vi blei vurderte som nokon som kunne føre arven vidare, seier Bjellaas.

Uglum var ikkje så engsteleg for å bli samanlikna med forgjengaren.

Arve Uglum og Oddgeir Bruaset

ARVTAKAREN: I 2014 tok Arve Uglum (t.v.) over programmet etter programskapar Oddgeir Bruaset.

Foto: Torje Bjellaas

– Programkonseptet var svært knytt til han. Det var vanskeleg å gjere noko med det. Eg fekk heldigvis ei raus og fin mottaking. Det gjekk eigentleg veldig greitt, vedgår sogningen.

Trass seks sesongar – det han kallar ei æve i TV-samanheng – blir han likevel omtalt som «han nye». Uglum trur han aldri blir kvitt det stempelet.

Tilbake der det starta

– Det er kjempevanskeleg å finne stadane og historiene. Eg trudde det var det som kom til å ta knekken på programmet, seier 44-åringen.

Men no har programmet altså nådd episode nummer 100. Han blir vist på NRK1 søndag 15. desember. Uglum og Bjellaas starta i Sogn og Fjordane og lagde sin første episode i Solund. No er dei tilbake på same staden i jubileumsepisoden. Ringen er slutta.

Kven får vi møte i episode 100?

– Jon Kvalvik og Johanne Haveland frå Nautøyna i Solund som er dei vestlegaste innbyggjarane i Noreg. Dei er 80 år gamle begge to og bur midt ute i havgapet. Nesten utanfor noregskartet, fortel Uglum.

Programskapar Arve Uglum og Jon Kvalvik på opptak. Kona Oline i bakgrunnen.

NESTEN UTANFOR NOREGSKARTET: 80 år gamle Jon Kvalvik er Noregs vestlegaste innbyggjar. Her saman med programleiar Arve Uglum.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Jakta på den gode historia

Det er ikkje alltid så enkelt å finne dei gode historiene. Både Uglum og Bjellaas rosar kollega Noralv Pedersen for sitt omfattande kjeldearbeid.

– Han har eit veldig vakent blikk når han leitar etter historiene, seier Bjellaas.

– Ein må finne seg eit område og gå i gong med leitinga. Vi snakkar mykje med kommunar og journalistar i lokalaviser, informerer Uglum.

Kva er den mest spennande plassen de har besøkt?

– Det er vanskeleg å svare på. Vi besøker så mange ulike stader. Eit av programma i den nye sesongen er frå Finnmarksvidda. Han vi møter bur så utruleg langt vekke frå folk. Heile sju mil i luftlinje, seier Uglum.

– Ein livsstil som er i ferd med å forsvinne

Det er viktig å bruke nok tid på å bli kjend med folk før opptak, slik at dei er komfortable med å bli filma. Duoen besøker vanlegvis stadane fleire gonger og gjennom ulike årstider.

Torje Bjellaas og Arve Uglum i redigeringsrommet på Skei

HISTORIEFORTELJING: Torje Bjellaas (t.v.) og Arve Uglum dokumenterer kvardagslivet til folk som bur på aude og uvanlege stader i Noreg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kva trur de serien har betydd for folk?

– Eg tenkjer at dette er ein serie som handlar om oss. Det handlar om kven vi er som nordmenn, seier Bjellaas.

Han legg til:

– Å leve i eitt med naturen er ein livsstil som er i ferd med å forsvinne. Det viktigaste for oss er å prøve og halde liv i dette programmet vidare. Vi merkar at folk er glad i det.

Du kan sjå episode 100 av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» her:

Fiskeoppkjøparen Jon og den pensjonerte lærarinna Johanne har utvikla eit venskap som gjer at dei kan klara seg heilt i ytterkanten av norgeskartet.

Fiskeoppkjøparen Jon og den pensjonerte lærarinna Johanne har utvikla eit venskap som gjer at dei kan klara seg heilt i ytterkanten av noregskartet.