Domsteinanlegget på Trollebø i Vågsøy. Arkivfoto NRK
Det er snart ti år sidan kinesarane tok til å importere fisk frå Stillehavet, deretter også frå norske og russiske farvatn. Samtidig hadde Domstein i 1993 bygd opp landets og truleg verdas mest moderne filetfabrikk for kvitfisk. Konsernet kunngjorde at dei ville trenge fem år for å gjere fabrikken lønsam.
Lønsemda let vente på seg
Men i realiteten tok det meir tid før filetfabrikken med 200 tilsette ga noko pengar i Domstein-kassa.
I mellomtida har også kinesisk fiskeindustri med svært låge lønskostnader utvikla seg vidare. I fjor vart det sendt over 12.000 tonn billeg foredla frosen torsk og annan kvitfisk frå Kina til Noreg.
Det er denne fisken Domstein Enghav no skal tevle med i butikkjedene og ute i frysediskane. Med 25% høgare pris på like produkt kan Domstein vere dømd til å tape.
Halv maskin i Måløy
Filetfabrikken i Måløy har i over 14 dagar gått for halv maskin. Dei 200 tilsette går på arbeid annankvar veke. Og det ligg i korta at det går mot store varige nedskjeringar.
Filetering på Domsteinanlegget. Arkivfoto NRK
Fersk filet?
Domstein-leiinga vurderer sterkt å legge om frå den hardt pressa frosenfiletmarknaden til bearbeiding av fersk fiskefilet. Men då er dei også mykje meir utsette på råstoffsida, fordi det er vanskeleg å sikre jamn tilførsel av fersk eller levande fisk.
Sterk avskaling
Ein del tilsette som misser arbeidet på filetfabrikken kan få jobb andre stader i Domstein-konsernet. Det vil nok i praksis seie i dei korte sesongane på mottak av sild og makrell. Men akkurat no ser det ut til å gå mot ei sterk avskaling i talet på tilsette i fiskeindustrien i Måløy og i Sogn og Fjordane. I midten av mars blir det bestemt kva som skjer.
Roger B. Silden
Høg arbeidsløyse i Vågsøy
Vågsøy-ordførar Roger B. Silden fryktar nedtrapping ved Domstein Enghav. Silden seier at han lenge har venta sterk konkurranse frå kinesisk fiskeindustri.
Vågsøy har svært høg arbeidsløyse, og det vert difor svært vanskeleg å finne arbeid for folk som no misser arbeidet, seier Roger B. Silden. Domstein Enghav er jo den nest største bedrifta i kommunen, og det er også andre bedrifter som slit, seier ordføraren.