På Bulandet i Askvoll forsvinn no den siste sauebonden, Marit Grepstad. - Vi klarar ikkje å jobbe med det åleine, og når vi får så lite for det vi sel, kan vi ikkje leige folk heller, seier ho.
Når ekteparet i 70-åra legg ned den siste garden med sau på Bulandet, så er det fritt fram for viltveksande plantar og tre. Når beitedyra er vekke, øydelegg det for det opne kulturlandskapet vi viser fram i Norges-reklamen.
700 færre bønder
Og beitedyra forsvinn i stor skala i Sogn og Fjordane. Berre dei fem siste åra har kring 700 sauebønder lagd ned gardane sine, og det har blitt 10.000 færre sauer. Det viser tal frå Statens
Landbruksforvaltning. Utviklinga er skremmande, meiner Liv Astrid Nordheim ved Fylkesmannen si Landbruksavdeling. - Det finst ikkje noko som kan erstatte beitedyra med tanke på landskapet. Driv du med sau får du stelt innmarka gjennom beiting og slått, og du får beita i fjellet og turstiar blir halde opne.
Problem for turistnæringa
Utan sauer og andre beitedyr veks det til. Og det skapar store problem for turistnæringa. For turistane kjem ikkje til Norge for å sjå krattskog som stenger for utsikta.
Fylkesleiar i Reiselivsbedriftenes Landsforening, Odd Erik Gullaksen, likar ikkje det som no skjer. For turistane kjem ikkje til Norge for å sjå krattskog som stenger for utsikta. - Dei vil sjå eit velpleidd og levande landskap, seier han.