Hopp til innhold

10 månader for dopsal

Nok ein mann er dømd som følgje av opprullinga av dopingnettverket som politiet i Sogn og Fjordane har avslørt.

Anabole stereoid

Delar av beslaget i den store dop- og narkosaka

Foto: Politiet

Ein mann i 20-åra må i fengsel i ti månader for å ha seld amfetamin, ecstacy og over 3400 tablettar anabole steroid. Fem månader av straffa blir utsett med ei prøvetid på to år.

Sunnfjordingen har tilstått forholda, og Fjordane tingrett meiner han har bidrege til etterforskinga fordi han òg har forklart seg om rollane til andre involverte i saka.

Del av eit større nettverk

63 personar er pågripne i den store dop- og narkotikasaka politiet har avslørt. 22 av desse er frå Sogn og Fjordane.

Politiet reknar med det er omsett doping for om lag 3,5 millionar kroner, og narkotika for ein halv til ein million kroner.