Hopp til innhold

10 lensmannkontor kan forsvinne

10 av dei 23 lensmannskontora i fylket kan forsvinne dersom politimeisteren får det som han vil.

Hyllestad lensmannskontor

KAN FORSVINNE: Lensmannskontoret i Hyllestad står på lista over kontor som kan bli nedlagde.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kjetil Drange, fylkesleiar i Politiets Fellesforbund, seier mange fryktar for arbeidsplassane sine.

– Eg trur det er mange som er interessert i å behalde den arbeidsplassen ein har. Det kan vere mange årsaker til det, seier Drange.

Desse kan forsvinne

Politimeister Johan Brekke har tidlegare uttalt at lensmannskontor med tre eller færre politifagleg tilsette ikkje er berekraftige. Dette vil i så fall føre til at 10 av dei 23 lensmannskontora i fylket vil forsvinne.

Desse er Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Leikanger, Selje og Vanylven.

Trur det blir positivt

Johan Brekke

VIL REDUSERE: Politimeister Johan Brekke meiner talet på lensmannskontor må ned.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Brekke meiner det er fleire grunnar til at talet på lensmannskontor må ned.

– Omfanget og kompleksiteten i dei oppgåvene som politiet har, gjer at det faktisk ikkje er mogleg å løyse alle desse oppgåvene om dei er så få tilsette på eit kontor, seier han.

– Men vil ikkje dette føre til at det blir for store avstandar og det går ut over responstida?

– Eg er ikkje uroa for det. Eg trur heller det blir motsett. Har vi meir politi samla på ein plass, blir det lettare å løyse alle dei oppgåvene som politiet har.

Ikkje berre negativt

Politimeisteren har sett ned ei arbeidsgruppe som skal kome med sine tilrådingar i løpet av neste år. Politiets Fellesforbund i fylket har ikkje konkludert i saka, men Drange meiner lengre avstandar ut til folket er negativt.

Det finst likevel også fordelar ved færre og større lensmannskontor, seier han.

– Større einingar gjer det meir interessant i forhold til rekruttering av folk utanfrå. Det blir lettare å byggje om kompetanse, seier Drange.