Hopp til innhold

Feira jubileum med song, musikk og Jesus

I 10 år har barn samlast på Førde kyrkjetun for å synge, danse og lære om kristen tru. Torsdag samla små og store til stor bursdagsfeiring.

Mari Jonstad Leirhaug

LIVLEG: Mari Jonstad Leirhaug feirar 10-årsjubileet saman med barna og foreldra.

Foto: Tor-Erik / NRK

Heile Førde kyrkjetun var stappfullt då alle deltakarane på Spiren samlast for å feire jubileet.

Spiren er eit musikalsk barnetreff som er arrangert av kyrkja. Barn frå 0 til 6 år får saman med foreldra møtst for å synge, vere sosiale og høyre forteljingar frå Bibelen.

Utruleg verdifullt

Mari Jonstad Leirhaug

SYNG: Mari Jonstad Leirhaug leiar det musikalske treffet på Førde kyrkjetun.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

I tre og eit halvt har Mari Jonstad Leirhaug ønska barna velkommen til kyrkjetunet kvar torsdag.

– Eg kjenner meg utruleg privilegert som får ta imot alt frå to veker gamle babyar til tannlause skuleklare ungar. Dei kjem til song, forteljingar og sosialt samvær seier ho.

Barna slår seg raskt laus til musikken og dansar. Dei prøvar seg på rytmeinstrument og syng med. Det er mykje som skjer og høgt lydnivå i ein sal stappfull av engasjerte ungar, men Leirhaug vert ikkje utsliten av den grunn:

– Eg brukar å seie at eg berre blir sliten på ein god måte. Det er så utruleg meiningsfylt arbeid.

Spiren er ein del av trusopplæringa til kyrkja. Borna lærer om kristendomen gjennom musikk og forteljingar.

– Vi har både bøn, gloria og kyrie i samlingane. Vi fortel bibelforteljingar og lærer blant anna borna kvifor vi feirar dei store høgtidene våre, fortel Leirhaug.

I dag fekk barna gåver – i ei slags omvendt bursdagsfeiring av Spiren sitt 10-årsjubileum.

Kjekt for alle

Maria Bergsholm og Marit Smørdal er to av mange foreldre som tar med ungane sine til Spiren.

– Dette er ein fin arena for å møte andre barn og vaksne. Eg er heime i permisjon, så det er kjekt å møte andre i same situasjon, seier Smørdal.

Ho har med dottera, Selma på 4 år, og den vesle babyen sin på feiringa.

– Leah syns det er heilt topp. Alt frå ungane er veldig små har dei sans for musikk og song, og har rytme i kroppen. Dei har det veldig kjekt her, fortel ho.

Spiren

FEIRAR: Maria Bergsholm og Marit Smørdal tok med barna på 10-årsjubileet til Spiren.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Bergsholm nikkar einig med venninna.

– Musikalsk samvær og aktivitet er kjempekjekt! No går eg i permisjon med Mathilde på 10 månadar. Ho synest det er kjempekjekt å vere her saman med dei andre, seier Bergsholm.

Ho er sjølv humanetikar, men synest det er veldig greitt at barna får informasjon om den kristne trua.

– Eg har valt å ikkje døype mine barn, men eg har ingenting imot at dei lærer om den kristne bodskapen. Det verkar som alle er velkomne her, seier Bergsholm.