NRK Meny
Normal

10-15 nye arbeidsplassar i Høyanger

Selskapet Split Ring, som driv med utvikling, produksjon og sal av kuttarar til tunnelboremaskiner etablerer seg i Høyanger. Etableringa skal gje mellom 10 og 15 nye arbeidsplassar.

Split Ring planlegg å etablere eigen produksjon av av kuttarar og kutteringar til tunnelborr i Høyanger.

Bak selskapet står Stein Narvestad A/S, Norsk Industrikompetanse A/S og Høyanger Næringsutvikling.

Grunderen Stein Narvestad har brukt 15 år på å utvikle og patentere splint-ring-kuttarar til tunnelbormaskiner.

- Aktiviteten i 2006 vil ha hovudfokus på ein produkttest som er under gjennomføring i Sveits. Selskapet vil ha lite behov for eiga bemanning i startfasen. Dersom produktet slår gjennom vil dette kunne skape grunnlag for 10-15 nye arbeidsplassar, skriv Kjell Solhaug i Norsk Industrikompetanse i ei pressemelding.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.