Hopp til innhold

25 bygder kan snart juble for fullverdig breiband

Innbyggjarane i 25 bygder i fylket kan juble. I 2017 og 2018 skal det byggjast breiband for over 80 millionar kroner.

Hyllestad (oversyn)

HYLLESTAD: Over tre millionar kroner blir løyvd for å gje fullgodt breiband til innbyggjarane i Hyllestad.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Nye 30 millionar frå staten løyser ut millionar frå fylkeskommune og kommunane til utbygging av breiband i Sogn og Fjordane.

Olav Skarsbø

NØGD: Olav Skarsbø er nøgd med utteljinga til breibandprosjekt i Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

I tillegg må også innbyggjarane bygdene som no får fullverdig breibandtilbod medverke med anten eigne midlar eller dugnad under utbygginga.

– Midlane går i hovudsak til dei område som har svakast tilbod i dag. Så det er absolutt positivt at vi får det til no, seier Olav Skarsbø, prosjektleiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Treng 300 millionar

Med den siste løyvinga har Sogn og Fjordane sidan 2014 fått nær 90 millionar kroner til breibandprosjekt.

Kommunar og prosjekt som får midlar

Kommune

Prosjekt

Søtte frå Nkom

Totalt

30.249.000

Aurland

Øvre Flåmsdalen

600.000

Askvoll

Atløy

1.000.000

Balestrand

Lånefjorden

270.000

Flora

Øyapakke 1 og 2

3.555.000

Førde

Haukedalen

2.000.000

Eid

Vest for Nordfjordeid

900.000

Gaular

Sande - Viksdalen

1.600.000

Gloppen

Byrkjelo Sør og Hope

1.379.000

Gulen

Dingja og Norgulfjorden

600.000

Hyllestad

Hyllestad

3.180.000

Jølster

Eikås

700.000

Lærdal

Erdal

450.000

Luster

Jostedalen Nord

2.000.000

Naustdal

Midtredalen

1.800.000

Selje

Lesto-Salt og Årvika - Honningsvågen

2.200.000

Solund

Nord Solund

600.000

Sogndal

Fjærland

2.200.000

Stryn

Markane - Rand

3.765.00

Vik

Arnafjord

1.000.000

Årdal

Øvre Seimsdalen og Fardalen

450.000

Ekspander/minimer faktaboks

Spreidd busetnad, tronge dalar og langt mellom husstandane gjer at det er fleire område som ikkje er kommersielt økonomiske for leverandørane å byggje ut.

– Den nye breibandstrategien viser at det er behov for 300 millionar kroner for at alle skal få eit fullgodt tilbod. Regjeringa har som mål at 90 prosent av alle husstandar skal ha 100 megabit i løpet av 2020, seier Skarsbø.

Samarbeid

I staden for at kommunane sende inn sine eigne søknader, søkte dei saman. Skarsbø trur at det var ein avgjerande faktor Fylkeskommunen, IT-forum Breiband og Vestlandsforsking jobba med søknaden i lengre tid.

Det trur også fylkesordførar Jenny Følling (Sp). Totalt løyvde staten 125 millionar til breiband.

– Vi har fått god utteljing takka vere eit godt samarbeid i fylket. Det er stort behov for utbygging av breiband, og med 30 millionar vil mange familiar og verksemder få breiband, seier Følling.