Hopp til innhold

Bunadskvinner fekk fylkeskulturpris

Ann Lundekvam frå Gaular og Bjørg Hovland (t.h.) frå Luster fekk akkurat den aller siste fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane. Dei to har gjennom ei årrekkje teke vare på og ført vidare bunadstradisjonar. Dei fekk blomar og kvar sin sjekk på 30.000 kroner. Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) overrekte prisen.

Ann Lundekvam og Bjørg Hovland mottek fylkeskulturprisen av fylkesordførar Jenny Følling.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK