Hopp til innhold

Årdøl fekk frivilligheitsprisen

Knut Skår frå Årdal og Norske Redningshundar vann i dag den nasjonale frivilligheitsprisen for 2019. Kulturminister Trine Skei Grande stod for overrekkinga. – Norske Redningshunder er tufta på frivilligheit. I eit miljø med mange engasjerte frivillige, står Knut fram som ein bauta, seier leiar av juryen, Heikki Eidsvoll Holmås, i ei pressemelding.

Trine Skei Grande og Knut Skår.
Foto: CF Salicath / Pressefoto