Hopp til innhold

Utforkøyring i Førde

Ein person er send til legevakt etter ei utforkøyring på Angedalsvegen i Førde. Politiet melder at det skal vere glatt på staden. Det skal vere mindre materielle skader på bilen.

Utforkøyring i Angedalsvegen
Foto: Oda Elise Svelstad / NRK