Hopp til innhold

Samde om å kutte 100 mill.

Fleirtalet i fylkestinget i nye Vestland fylke er blitt samde om eit budsjett for neste år der det vil verte kutta 100 millionar kroner i drifta. Trass i kutta skriv Ap, SV, Sp, V, MDG og KrF i ei felles pressemelding at dei likevel har klart å skjerme kollektivtrafikken og satse på klima, skulane og kulturlivet. Blant anna vert det gratis skulefrukost til elevane i dei vidaregåande skulane.

Bak frå venstre Aleksander Øren Heen (Sp), Alfred Bjørlo (V) og Natalia Antonia Golis (MDG). Framme frå venstre Anne Gine Hestetun (Ap), Trude Brosvik (Krf) og Marthe Hammer (SV).
Foto: Pressefoto