Hopp til innhold

Kommune braut anbodsreglar

Fjaler kommune braut reglane for offentleg anskaffing då dei gav ein lokal entreprenør, og ikkje Harald Kapstad i Førde, eit byggjeprosjekt ved Fjalerhallen. Det skriv Firda. Klagenemnda for offentlege anskaffingar konkluderer med at kommunen mellom anna gav motstridande opplysningar i konkurransen.